Lyst å bli med på ein hel-aften??

Har du lyst å komme deg ut av stova ein kveld – i lag med kjekke sambygdingar?? Ungdomslaget har reservert revybilettar og middagsbord + dans på Sand til lørdagskvelden den 15. november. Høyres det fristande ut??
Ta med ektefellen, kjærasten, naboen eller den du måtte ønske, og bli med !!

Me har altså reservert eit visst tal bilettar til VESTLANDSREVYEN på Suldal Kulturhus på Sand kl 19.00. Vestlandsrevyen er ifl omtalen "ein hyllest til den særprega vestlandshumoren", og her blir det både humor,satire, sang og glitrande imitasjonar. Sjå meir om VESTLANDSREVYEN på Suldal Kulturhus sine nettsider www.suldal.kulturhus.no. Billettpris kr 340,-

Vidare har me reservert bord i restauranten på Ryfylke Fjordhotel. Dei tilbyr helstekt ytrefilet m/fløtepoteter + kaffe/dessertbord og DJ-dans for kr 295,-

Me kan òg sette opp busstransport om det er interesse for det – det kjem då i tillegg til prisane nemd ovanfor.

Opplegget er tilpassa ungdom/vaksne.

Pga reservasjonane me ha påmelding snarast og seinast innan mand 03.11 !! Påmelding til Svanhild pr tlf/SMS 97 00 76 36 eller e-post ungdomslaget@josneset.no.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.