Søn 19.10 – innsamlingsaksjon !

Søndag 19 oktober går årets TV-aksjon av stabelen. I år går inntekta til BLÅ KORS sitt hjelpearbeid for barn og unge som lider under dei vaksne sitt rusmisbruk.

Her på Jøsneset er det Bygdarådet som står for innsamlinga.
Berit S Hjorteland, Silje Sværen, Terje Bremnes og Sven Westersjø vil farte rundt med bøssene
frå kl 15.00 og ca fram til 17.00
.

Skulle du ikkje vere heime då, vil det bli sett ein lapp på døra med mellom anna telfonnummer som du kan ringe inn ditt bidrag til.  

Skal du ut å reise med ferja utpå ettermiddagen kan det òg hende at du treff Oddbjørn Fossaa, som er ute med bøssa på ferjekaien på Nesvik.

Elles er Helga Havneraas med i kommunekomitèen for TV-aksjonen. Ho er dermed med å koordinere dette arbeidet i kommunen; og er vel med på den kjekke opptellingsjobben om kvelden òg !

Ho fortel at 50 % av innsamla midler vil gå til øyremerka tiltak her i Norge. Ho seier òg at i tillegg til å samle inn pengar, er det òg eit viktig mål å skape større openheit og merksemd kring dette – slik at fleire barn får hjelp. I Norge er det 120 000 barn og unge som lider under foreldra sitt rusmisbruk

Vil du vite meir om aksjonen? Les meir om BLÅ KORS sitt arbeid HER , og følg med på NRK TV på søndag
…….og ta vel mot bøssebærarane !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.