Siste torsdag i oktober mnd er det igjen duka for damekveld. Denne gongen skal vi møtast ved Mikal's laks kl. 20.00. Sjå www.kingmikal.no Astrid Viga vil ha omvisning for oss på fabrikken, og deretter vil vi ta kaffi-drøsen der. Sidan ho åpnar ekstra for oss om kvelden så håper vi så mange som kan møter …
Eldretreffen skal vere litt kulturelle i haust og reiser til Hjelmeland på Edvard Hoem den 29.10.08. Den byrjar kl. 19, men før det skal dei få omvisning på Axel Hansson med god fiskesuppe etterpå, laga av kokken Roy som jobbar der. Til våren er det planar om ein tur til Trodla-Tysdal.