19.09 Nytt forsøk – scene ut på anbud

Kommunen lyser nok ein gong scenetilbygget til Jøsneset skule ut på anbud !!

Anbudskonkurransen gjeld bygging av scene og lager til gymsalen; eit tilbygg på 76 m2. Oppdraget omfattar grunnarbeid m/sprenging, tømmer- og elektroarbeid. Interesserte kan ta kontakt med teknisk leiar Jorolv Rivedal, 51 75 70 51 innan 1.okt

Så nå folkens :
kjenner du til eit firma som kan vere interessert i eit slikt oppdrag – SÅ TIPS DEI !
!

Sist anbudet var kunngjort meldte det seg ingen interesserte. Dersom me ikkje får nokon til å bygge, ser det spøkje ut for realisering av scenen !  Tilbygget er byggegodkjent, det har vore avhalde kartforretning og finansieringa er klar – så det ville vore svært synd om me ikkje fekk det realisert nå som me er nesten ved målet ! Som kjendt har Jøsneset Ungdomslag gått inn å garantert for litt over 200 000,-.

Målet er å bli klar til neste påske-revy – elles spøkjer det kanskje for den òg ???

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.