Torsdag 14.08 kl 19.00 i Trivselstova: Møte om Jøsnes-standen til Frukt-og laksefestivalen. Ein god del er allereie planlagd; men det er framleis rom for gode idear til Jøsnes-standen. Så ta gjerne kontakt med ein i Bygdarådet, Ungdomslaget eller Helselaget – eller møt opp sjølv !
To Jøsneshagar er med i konkurransen om finaste utemiljø. På Norsk Frukt- og Laksefest skal dei flottaste uteområda i Hjelmeland kårast. Du kan vera med og stemma fram vinnaren. Fram til 20. august er det høve til å gå inn på Bygdaposten sine nettsider og velja blant tolv kandidatar. Alternativ 4 er hagen til Olga …
Lørd 16 aug kl 14.00 arrangerer Ungdomslaget AKTIVITETSDAG for store og små, unge og gamle i Skiftunstranda. Det blir 5 ulike konkurransar og desse foregår både til lands og delvis til vanns – så ta med klær etter forholda.Her blir det beinhard kamp om den gjeve vandrepokalen "årets kvige" og "årets stut" og alle barn …
Som den observante www.josneset.no-brukar kanskje har oppdaga, så har aktivietsnivået på nettstaden vore litt laber nå midt på sommaren. Dette skuldast ikkje berre at det er "agurktid", men òg litt tekniske problem, ferieavvikling og det faktum at dei lokale laga har lite aktivitetar sommarstid. Ei anna årsak er at me i "redaksjonen" er få, og …
Ein barnefamilie har kontakta Hjelmeland kommune – dei er på jakt etter både jobb, bustad/tomt – for dei ønskjer å etablere seg her i kommunen. Kanskje me har noko ledig på Jøsneset ???? Familien er mor,far, to små barn og tredjemann på veg. Dei er opprinneleg frå Rogaland. Dei har budd nordpå, og ønskjer nå …
Fredags kveld den 27.07.08 var det skikkeleg "action" i Knutsvik. Ein person fyllekjørte med traktor, kjørte ned ei grind og oppførte seg truande. Personar som forsøkte å stanse vedkommande vart bitt, og måtte ha legebåten for å få behandling. Vedkommande trua både fastbuande og hyttefolk før endeleg ein handlekraftig lokal helt fekk fanga personen med …
Frukt og Laksefesten i Hjelmelandsvågen nærmar seg, 6 september. Jøsnesbygda er påmeldt med eigen stand – saman med Mikals Laks. Det er Helselaget, Ungdomslaget og Bygdarådet som saman sponsar stand-avgifta, slik at ein kan få profilert både bygda og lokale produkt frå Jøsneset. Det heile er enda litt i planleggingsfasen, men her vil det nok iallefall …