MØT JØSNESET PÅ FRUKT OG LAKSEFESTEN

Laurdag 6 sept er "solbygda Jøsneset" nok ein gong klar for eigen stand på Frukt og Laksefesten. images/bilder/lam1.jpg Vèr patriot – møt opp og støtt den frivillige gjengen som har stått på og stiller på stand for å marknadsføre bygda !!

images/bilder/sun.jpg   
På standen vil du finne litt av kvart om og frå Jøsneset:  

– ekta, himalagte torrfisk frå Skiftun
– solmodne tomater og knasande agurker frå Fosså
– nypressa Buhagen-eplesaft frå årets innhausting
– deilig honning frå summande Åslandsbier
– preparerte og flotte ku-og villsau-skinn frå Buhagen
– diverse spanande te frå Lønnehaugen
– nytt opplag av fine turstibrosjyrar
– sprege Jøsnes-t-skjorter frå Ungdomslaget (pr for www.josneset.no)
– sunne Salmopet-produkter for dine kjeledyr
– flotte knivar frå knivsmeden Daniel
– og ikkje minst SOLSIKKER
  …som ikkje er produsert på Jøsneset, men som kan vere eit symbol på vår solrike bygd !

Bygdarådet stiller med info og kart over bustad-områder på Jøsneset. 
Og skulle du vere i tvil om korleis det ser ut på Jøsneset; så får du ein foto-kavalkade på flatskjerm.

Helselaget stiller breitt opp med masse info-materiell om Nasjonalforeningen for Folkehelsen: Jøsneset Helselag er eit aktivt lokallag; ingen tvil om det ! I dag er dei rause og byr på gratis kaffe: så ta deg ein tur innom og slå av ein prat!

Ungdomslaget stiller med konkurranse: tipp vekta på ei korg full av Jøsnes-produkter – og kanskje vinn du korga ?

Kor finn du Jøsnes-standen?
Midt i "smør-aua"; dvs midt i svingen ved Vågahuset, på veg ned til kaien. Der finn du òg Mikals Laks, som jo òg er ein Jøsnes-produsent med virkeleg lekre produkter ! På kaien finn du òg andre mat-standar: m.a. Marine Harvest, Ryfylkebutikken, Spar og Bondestanden.

Så møt opp!  Adle som ein !  (så skal dokke få sjå det nya, fina Jøsnes-skiltet òg !)
Hjelmelandsvågen laurd 06.09, 10.00 – 16-00  – det blir ein festdag !! 

Lyst å vite meir om Frukt og Laksefesten 08: klikk her.
Her finn du både utstillingskart og program.

Hugs konsert og dans i Hjelmelandshallen om kvelden med Sinclair and the Rovers og DI DERRE

OBS OBS Det er sett opp båtskyss kl 01.30 frå Hjelmeland til Nesvik !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.