Fred 05.09 Innsamling til Romania

Kanskje du har ein del klær, sko, leiker, sportsutstyr o.a. som du ikkje brukar lengre? 

Dette kan kan kome til både nytte og glede i Romania. Det vert no organisert ei innsamling til ein heil trailer som skal kjøre ned med utstyr nå i haust.  Innsamlingsaksjonen er på rein frivillig basis, og tinga kjem garantert fram der behovet er.

Alt må vere reint, heilt og i brukbar stand. Du pakkar det ned i store, svarte søppelsekker og knyter igjen – obs sekkene skal ikkje vere for fulle  – de må vere lette å handtere.

Du betaler kr 40,- pr sekk som blir sendt.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med:

– Olga Hjorteland her lokalt, tlf 51 75 19 47 / 47 60 19 62
– Inger og Richard Apeland, tlf 52 79 94 14. Dei bur i Suldal og det er dei som organiserer innsamlinga. 

Sekkene kan leverast til bil som står ved Erfjord Skule fred 5.sept mellom kl 18 – 19. 

(har du problem med sjølv å frakte det dit, så ta kontakt med Olga, så kan ein kanskje samordne kjøring)

Så ta deg tid å rydd i skapa – du støttar ei god sak ! 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.