Månad: august 2008

Tysdagar kl. 20 Gågruppe

Kvar tysdag kl. 20.00 er det gågruppe som helselaget i si tid starta, denne rullar og går vidare, og det er plass til mange fleire. Oppmøte ved brannstasjonen i Skiftunkrossen, og turen er på ca 1 time. Møt opp da vel, og ta trimmen i lag med andre. Går mykje fortare når ein har nokon …

29.08.08 Interesse for tur til Julebyen i Egersund?

Dersom det er interesse for det har helselaget lyst til å arrangere ein tur til Julebyen i Egersund lørdag 6 desember. Vi leiger då inn buss. Sjå www.julebyen.no Det er og ein keramikkverkstad vi kanskje kan besøke, www.egersund-terracotta.no , og det kunne vore koseleg å ete mat i lag der. Dersom ikkje interesse for dette nå, …

19-21.9 Demensaksjon 2008

Helselaget kjem til å ha bøsseinnsamling på Jøsneset i høve årets demensaksjon i løpet av helga 19-21.9.   Årets tema – TRYGG MED DEMENS Følelsen av trygghet er individuell, og varierer fra person til person. Mange opplever å miste fotfeste i tilværelsen når demens rammer, og hverdagen kan preges av bekymring, usikkerhet, angst og forvirring. Av og …

Eldretreff våren 09

Datoane for våren blir: torsdag 15.januar – og forsetter 29.januar – 12. og 26. februar – 12. og 26. mars  Hugs påmelding til Olga Hjorteland tlf. 51 75 19 47 /47 60 19 62. Det har vore jamlege treff annakvar torsdag kl. 10.00 på Trivselståvå i heile haust. Det er blitt servert god middagsmat og dessert frå Hjelmeland Omsorgsenter, …

Barnetrim vår 09

Den 14.01.09 startar barnetrimmen opp att etter jul. Anna kvar onsdag framover. Det blir først barnehagealder frå kl. 17.30 – 18.15, så småskulen frå 18.15-19.00. Storskulen er frå kl. 19.00-19.45. Datoar og kven som har ansvar for barnetrimmen for våren finn du her.

25.09.08 Strikkekveld

Datoane for strikkekveldane i haust er:  25 september kl. 19.00 køyrer vi saman til Sand og besøker strikkebutikken der. Ragnild Roaldkvam åpnar ekstra for oss og vi satsar på ein koseleg kveld der, medan vi får med oss siste nytt innan strikkefronten. Vi fyller opp bilane våre i Skiftunkrossen og køyrer saman. OBS Merk tida! …

MØT JØSNESET PÅ FRUKT OG LAKSEFESTEN

Laurdag 6 sept er "solbygda Jøsneset" nok ein gong klar for eigen stand på Frukt og Laksefesten. Vèr patriot – møt opp og støtt den frivillige gjengen som har stått på og stiller på stand for å marknadsføre bygda !!     På standen vil du finne litt av kvart om og frå Jøsneset:   – ekta, …

29.08. Ferjetrøbbel i fredagsrusjet

Fredag ettermiddag danna det seg lange køar og mykje ventande folk på både Hjelmeland og Nesvik ferjekai.  Dette skuldast tekniske problem med styringsmekanismen ombord i ferja "Hjelmeland".  Ved ferjeavgangen kl 14.15 frå Hjelmeland blei ferja fylt opp med helgetrafikk, men det tok lang tid før den vart klar for avgang; nærare bestemt 1 time og …

Volleyballtrening hausten 08

Nå er grillsesongen og latmannslivet over; nå er det på an igjen med svetting rundt volleyballen. SOSIAL TRENING: volleyball er ein kjekk og sosial idrett som alle kan bli med på.  Ola Skiftun og Sven Westersjø tek felles ansvar for opplegget utover hausten. Me byrjar forsiktig med litt grunntrening og teknikk, og så ballar det …

27.08 MIXn jobba seg til middelhavscruise

Mix-kjeden har jamnlege, landsomfattande kampanjesalg-konkurransar, og dagleg leiar, Cesilie Waaland, melder Naustet av og til på dette. I vår var dei med på dette to gonger; mars og mai månad.  Det var då om å gjere å vere best av alle Mix-butikkar i å selge mest av månadens kampanjetilbod; som då var cola eine månaden …

Turar med Hjelmeland Turlag, haust 08

Hjelmeland Turlag er eit aktivt lokallag som arrangerer mange fine turar. Ingen av haustens turar er lagt til Jøsneset – men ingen grunn til å sitje heime for det. Her er eit fint utval av turar frå øy til høgfjell: søn 24.08    Familietur til Breilandsvatnet, padling, 4-5 t,oppmøte kl 11.00 v/Vigane søn 31.08    Fottur til …

Fred 05.09 Innsamling til Romania

Kanskje du har ein del klær, sko, leiker, sportsutstyr o.a. som du ikkje brukar lengre?  Dette kan kan kome til både nytte og glede i Romania. Det vert no organisert ei innsamling til ein heil trailer som skal kjøre ned med utstyr nå i haust.  Innsamlingsaksjonen er på rein frivillig basis, og tinga kjem garantert …

18.08. Skulestart for 4 nye 1.klassingar.

Mandag 18 august var flagget heist til topps på Jøsneset skule, og klasseromma var fint pynta til skulestart. I år starta det 4 nye 1.klassingar: Vebjørn frå Fosså, Kristiane frå Foss, Celine frå Asheim og Stian frå Knutsvik.  Me gratulerer dei med skulestart, og ønskjer lykke til !  Dei skal gå saman med 2. og …

18.08. 7 guttar til Ungdomskulen. Ny Jøsnesrekord?

I dag byrja 7 staute Jøsnes-guttar på Hjelmeland Ungdomsskule !  Me undrast på om ikkje dette er eit historisk stort kull frå Jøsneset ? – iallefall beståande av berre gutar ?  Me må vel mange år tilbake i tid for å finne tilsvarande mange?  Me utfordrar våre lesarar: veit de om eit tilsvarande stort kull …

16.08 Full innsats på Aktivitetsdagen

Det er ikkje berre i Beijing det kjempast hardt om heder og ære i desse dagar. På Ungdomslaget sin årlege Aktivitetsdag kjempa både små og store jøsneskalvar iherdig om "gullet".  Arrangementet fant stad i Skiftustranda i eit strålande augustvær.   Det vart kjempa i fleire klassar: Barnehagealder: dei var med på to aktivitetar: "fyll vann …

15.08.08 Anleggsarbeid på Nesvik

Nesvik ferjekai er nå gjort om til anleggsplass. Mesta er på plass med ein stor brakkerigg og masse utstyr og store maskinar tek mykje av plassen på parkeringsplassen. Ferjelemmen skal skiftast ut m.a, og arbeida her er sett i gong. Det er imidlertidt sendt ut lite og ingen informasjon om arbeidet. Folk i bygda har …

Torsd. 28.08: Dugnad for årleg nedvasking av trivselsstova

Torsdag 28. august kl 18.00 gir me trivselsstova ein grundig vask. Me kjem til å gå over både vegger og tak, slik at me alle kan ha glede av eit fint lokale! Håpar nokon har tid til å komme. Fint viss du tar med bøtte og hanskar. Det blir sjølvsagt pause med kaffi og noko …

14.08.2008 Konkurransen gir godt besøkte turpostar

Det ser ut til at turpostane våre blir ekstra godt besøkte i år! Særleg Brynå utmerkar seg med 581 besøk pr 13.8. Mot 528 i heile 2007. På Håvehammar var det 12.8. 404 som hadde notert namnet sitt i vaksenboka og 126 namn i barneboka, mot 585 i 2007. På Nesdalsfjellet har det pr 17.8 …

Sommar på hell

Sydenstemninga er over, og dei fleste av feriegjestene er dratt heim. Det nærmar seg skulestart og frukthaust. Men flotte, vare, varme stemningar kan me enda oppleva over Jøsneset. Ta deg turen ut å sjå på kveldshimmelen:                                                                         

Sommarbilder 2008

Nokre glimt frå den deilige sommaren 08: