Syden på Jøsneset!

Den siste tida har det vore strålande vær på Jøsneset. Og det medan mange har ferie! Badetemperaturen i Nesvik blei målt til 22 den 29.07.08. Då kan kven som helst kaste seg uti. Det er også meldt om 29 grader på land. Og natt til 30.07.08 var det tropenatt, iallefall på Åsland…

21 grader i vannet

Strendene på Jøsneset har vore flittig brukte i det siste, og det er kjekt. Det er ein god møtestad for små og store.

Turstiane våre er flittig brukt og det er kjekt! På Brynå var forresten postkassen nede igjen, men denne gongen var det visst berre kviger som hadde brukt den som kløpinne… Laughing

Ha ein framleis god sommar! 

Redaksjonen


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.