Scenetilbygget til Jøsneset skule er ute på anbod. Innan fristen er det ingen bygg- eller gravefirma som har meldt seg som interessert i å bygge. Dette betyr at det kan bli vanskeleg å få realisert utbygginga i år. Anbodet har vore annonsert i Bygdaposten. Teknisk seksjon i kommunen melder at dei nå sannsynlegvis må sende …
Måndag 23 juni kl. 19.00 blir det felles St.Hans feiring i Skiftunstranda. Så ta med grillmat, stol og varme klær og kom. Vi set opp partytelt i tilfelle det blir regn. For barna blir det krabbekonkurranse (størst og minst) med premiering, og så blir det tautrekking, for alle! Vel møtt! Bygdarådet/helselaget/ungdomslaget
Hjelmeland kommune har nå anbudsdokumenta klare for scenetilbygget til Jøsneset Skule. Tilbygget er på 76 m2 og bygginga omfattar både grunnarbeid med sprenging, tømmer og elektroarbeid. Så kjenner du til firma som dette kan vere aktuelt for – så tips dei om dette !!!Anbudsdokumenta kan dei få ved å vende seg til teknisk leiar Jorolv …
Det er for tida ein spanande arkitektkonkurranse på gang på Jøsneshalvøya. Nærare bestemt på Bassbergneset. Konkurransen er ein del av Nasjonal Turistveg si satsing på RV13, og her skal det bli ein fin raste- og utsiktsplass. Bassbergneset ligg på eigedommen til Ellen Louise og Trygve Brandal, like utanfor Bassbergvika. Når du står ute på dette …
Natt til fredag fekk Solveig og Ian ein gut som skal heite Jaden. Han var 3700 gram og 50 cm lang. Dette er gode nyheter for Jøsnesbygda, då det betyr befolkningsauke. Redaksjonen vil difor nytte høve til å seie GRATULERER MED GUTEN!!
Den annonserte "Villmarksaften" på Mo Laksegard 28 juni er avlyst på grunn av manglande påmelding. Jøsneset Ungdomslag.
Søndag 01 juni var det fellestur til Fosstemmen arrangert av Helselaget. Det var 15 stk med stort og smått som gjekk turen, (pluss ein hund..). Været var nydelig, det var nærmere 30 grader denne dagen, men vi gikk mye i skyggen inni skogen og starta kl. 10, slik at det ikkje blei for varmt å gå. Det …