13.05.08.JØSNESPOSTEN i salg nå !

Like sikkert vårteikn som sauablomen, er etterkvart den populære skuleavisa JØSNESPOSTEN blitt. Jøsnesposten 2008

Avisa kjem i år ut for 27. gong, og er dermed blitt eit fast og koseleg innslag på Jøsneset i mai.

Dei 10 elevane i storskulen har jobba ivrig i fleire veker, og nå er resultatet klar for salg. Avisa blir trykt i ca 100 eks og elevane går rundt i bygda og sel den. Den vil òg bli solgt på 17.mai, og elles er den til salg på Naustet. Prisen er kr 30,-

Avisa har ikkje eit spesielt tema, men her finn ein litt av kvart om kva som har skjedd i bygda i det siste og kva som opptek elevane her og nå. Intervju med nye 1.klassingar er eit fast innslag, og det same er SMÅNYTT, elevoversikten og rektorhelsinga.  

Årets utgåve er fyldig og flott, og spanande med mange fine fargebilder. Avisa ber preg av ein elevgjeng med god fantasi og skriveglede – her er mykje artig lokalt lesestoff: me nemner i fleng: ordførarintervju, maikrim, ekspedisjonsskildring, soldikt, mat-testar, konkurransar og mykje meir !  Det er ingen spesiell som har redaksjonsanvaret, men alle dei 10 elevane i storskulen har bidratt aktivt. Og ein stor honnør må nok òg lærar Tor Olav Fyllgjesvold ha – som har tråkla elevane gjennom dette omfattande arbeidet !  

3×3 Hurra!! til Jøsneset Skule for årets Jøsnespost !

Litt historikk:
Vår i Nesvik
Skuleavisa kom ut for første gong i 1981/82, og blei då produsert på sprit-dublikator, og prisen var kr 3,-. Då var det IngerLise Bastlid, Roar Langvik og Marta Rødde som gjekk i 6.klasse.  Namnet på avisa har stort sett vore Jøsnesposten, men i 2002-2004 heitte den Bygdanytt og Jøs-Jøs-posten (for då var avisa eit samarbeidsprosjekt med Jøsenfjorden). Etterkvart har utviklinga nådd Jøsneset skule òg, og elevane nyttar nå digitalkamera, pc og fargeprinter. Og inflasjonen har òg nådd bygda; så nå er prisen 10 gonger så høg som første utgåve.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.