10.05.08 JØSNESPOSTEN i salg etter pinsen

Den populære skuleavisa skulle etter planen vore ferdig til pinse – men innan avisbransjen er det ikkje alltid det går etter planen. Men fortvil ikkje – avisa skal vere i salg frå tirsdag etter pinse.

Elevane i storskulen har jobba iherdig i fleire veker. Dei har farta rundt med penn og fotoapparat på ulike journalistoppdrag og vore i Bygdaposten og fanga opp eitt og anna tips. Jøsneset

 Me reknar med mykje godt lokalnytt under den populære spalta SMÅNYTT, me vil nok òg få oppdatering om nye førsteklassingar og eitt og anna "dybde"intervju med lokale personar.

Me gledar oss !

Me satsar òg på meir info om avisa her på www.josneset.no etterkvart.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.