Hjertemarsj 06.05.08

I høve Nasjonalforeninga sin Hjertedag blir det lokal markering her på Jøsneset. Tirsdag 6.mai klokka 12.00 arrangerer Helselaget i samarbeid med eldretreffen, skulen og barnehagen hjertemarsj. Turen startar på skulen og går rundt Nullen. Barna får med seg kvar sin hjerteballong som i fjor. Alle som deltar vil få frukt når dei kjem tilbake og får utdelt pins. Det vil og bli trekning av premiar. Det blir konkurranse om kven av skuleelevane som klarer flest rundar rundt nullen. Etterpå blir det kafe i Trivselståvå med salg av kaker og kaffe og hjertelodd.

Dagen markerast for å setje fokus på kor viktig det er for å førebyggje hjerte- og kar sjukdommar at ein har rett kosthald og mosjonerar. Det vil liggje brosjyrar om temaet i trivselståvå.

Alt overskot denne dagen går til inntekt i årets hjerteaksjon. Sjå meir om dette her.

Hjertemarsjen 07

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.