Søn 20.04 Fellestur til Ramsfjell

Bli med på ein flott tur til ein spanande plass:

Ramsfjell i Jøsenfjorden

søndag 20. april 2008,  oppmøte ved Sildafjelltunnelen ca 10.45

Flott natur-og kulturhistorisk tur til fjellgardar i dei bratte liene over Jøsenfjorden.

Ferje frå Hjelmeland kl 9.45 (via Ombo). Ca 20 min kjøring frå Nesvik.

Me parkerer ved Sildafjellstunnelen (første tunnel på veg til Vadla) og går opp til midtre Ramsfjell. Me går opp langsmed taubanen eit stykke. Det første stykke er litt bratt, men så blir det slakare etter kvart.

På midtre Ramsfjell får me eit lite kåseri ved Trygve Brandal og me kan også ta ein tur innom ytre- og eller indre Ramsfjell. Me går ned same veg som me kom opp.

Naturlos: Trygve Brandal.

Frammøte: Ved innløp Sildafjellstunnelen før Vadla i Jøsenfjorden.

Ta med god nistepakke. Det er og kjekt å ha med kikkert og kamera

Turtid: ca 3-5 timar totalt på turen

Pris: 50/80 Familie 100/150

Turleiar: Elise Unander Mjølhus, mobil : 90 77 07 46

LLL = middels krevande fottur

ARRANGØR : HJELMELAND TURLAG

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.