15.04.08 Landskap i endring

Nå er den store granskogen rundt Fosså-krossen i ferd med å forsvinne, og landskapet opnar seg opp.
 
Det var den store stormen i januar som førte til at store delar av granskogen her blei øydelagd, og store tre låg hulter til bulter som eit "pinnaspel". Men nå er oppryddingsjobben i full sving. Store skogsmaskinar frå skogsentreprenørane Hovda får jobben unna i høgt tempo, og dermed endrar landskapet seg fort – og tømmerhaugane veks for kvar dag. 

På venste side av vegen ned mot Fosså låg det som mange av barna kalla "Eventyrskogen"; eit lite felt med store, mørke grantre og mjuk skogsbotn. No er "Eventyrskogen" borte, men til gjengjeld opnar daldraget seg opp – med fin utsikt nedover mot Fosså og mot fjorden.  Skogarbeidet pågår like ved Fylkesvegen, så det er lett å legge merke til. Men ta det varsamt – det er store maskinar i arbeid.

Landskapet nedover mot Fosså opnar seg opp.  Store maskinar og tømmerhaugar ved Fossåkrossen  Utsikft frå Fossvegen, ned mot Fosså


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.