Volleyballturnering på Jøsneset 16 april

Onsdag 16 april kl 19.00 brakar det laus med "Ombofjorden volleyballturnering" i gymsalen på Jøsneset.

Då stiller lag både frå Jøsneset, Randøy og Ombo til kamp i ei lita og sosial mini-turnering.  Me oppmodar folk å møte opp som publikum, både for å heie fram jøsnes-kalvane, og gjerne for å bli betre kjendt med naboar frå andre sida av Ombofjorden.
Det blir mixa lag frå alle bygder, og kampane blir korte slik at det blir litt veksling undervegs.

Det blir sal av litt knask/ kjeks og brus/kaffe. Etter kampane blir det tid til litt sosial kos.

Me tek sikte på at gjestene skal få kome seg heim med 22-ferja.

Eit Jøsnes-lag spelte mot Randøy for eit par år sidan: då blei det ein svært jamn kamp, men jammen vant Randøy med knapp margin. I år er Jøsneset lystne på revansj !  
Og Ombo-buane: dei trenar jamnleg, så dette kan bli tøft!Tongue out

Møt opp !

Arr Jøsneset Ungdomslag.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.