Open dag i barnehagen 8 april

Har du lyst å sjå korleis barn og vaksne har det i Jøsneset Barnehage ?

Jøsneset BarnehageTirsdag 08 april mellom 12.30 – 14.00 har du sjansen. Då blir Barnehagedagen markert, og her på Jøsneset blir det då open barnehage for alle som har lyst å kome på besøk.  Dette gjeld folk i alle aldrar –  ikkje berre søsken, foreldre og besteforeldre – men kven som helst!  Så har du fri og høve, så stikk innom for å sjå på korleis dei nye trivelege lokalene er i praktisk bruk – og korleis barna har det i kvardagen. Det heile blir nokså uformelt, men personalet fristar òg med kaffe og kaker.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.