02.04.08 Høyring om skulesaka

Er du oppteken av korleis framtida til Jøsneset skule skal bli ? Då bør du følgje med i saka om organisering av Jøsneset og Jøsenfjorden skule og barnehage, og i saka om nye skulekrinsar. Desse sakene ligg nå ute på høyring, og heng nært saman. Høyringsfristen er 08. mai 08.

Jøsneset skuleFormanskapet behandla desse sakene første gong i møte den 11 mars. Det vart då skissert 6 ulike organisasjonsmodellar for dei to skulane på nordsida av Jøsenfjorden ; anten som eigne skular eller som felles. Overflytting av begge skulane til Hjelmeland krins var òg eit skissert alternativ. Instillinga til rådmannen var å oppretthalde dagens skulestruktur her. Dvs ein skule i Jøsenfjorden og ein skule på Jøsneset, slik me har det i dag.  Formannskapet vedtok ingen endringar på dette, og sakene er nå ute på høyring. Dette betyr at kven som vil kan kome med innspel om korleis ein ønskjer at skulestrukturen skal vere her i framtida. Høyringsuttale skal sendast til Hjelmeland kommune innan 08.05.08.

Rektor Rasin Tjeltveit melder elles at det blir lagt opp til foreldremøte på Jøsneset i siste halvdel av april.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.