14.03.08 Ingen endring for Jøsneset skule – førebels

 Jøsneset skule

Formannskapet behandla skulestruktur-saka i møte den 11 mars. Dei vedtok førebels ingen endring i skulestrukturen, verken på Jøsneset eller Jøsenfjorden. Høgre argumenterte for å samle skulane på nordsida av fjorden i ein skule; og då på Jøsneset. Men dei fremja likevel ikkje forslag om dette i møtet nå. Saka skal nå ut på høyring fram til 17 april. Deretter blir det ny behandling i formannskapet og deretter til kommunstyret for endeleg vedtak.  Så følg med ! Alle som vil kan sende uttale i saka.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.