Helselaget har endra litt på premieringa i turbøkene for 2008. No vert det ein fin premie som vert trekt blant dei som har vore på alle tre toppane våre: Gunlanuten, Røssenibbå og Herefjellet (Tausanibbå).
I tillegg vert det trekt ein vinnar av dei som har vore og sett navnet sitt i alle dei 8 turbøkene våre. Barneboka på Håvehammar har og eigen premie.
For å vere med i trekninga må du kjøpe ei turdagbok med laminert kart av helselaget for kr 50,- Beløpet dekker kart, turdagbok og deler av premien. Den er til sals på Naustet, eller ved å ta kontakt med Jorunn Foss på tlf 99638803. Turdagboka må du så levere inn til neste årsmøte i helselaget (ca i februar -09), dette er for at vi skal sleppe å leite gjennom alle turbøkene for å registrere alt dette. Husk å merke av dei turane som er med i konkurransen. Du skriv deg framleis i turbøkene og.
Så set i gong å gå! Du har eit heilt år på deg, kanskje du vinn?!?
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.