Månad: mars 2008

30.03.08 Spanande om «Kvinneliv i Libya»

Sjå under lag/organisasjonar på helselaget sin side for ei oppsummering av Bitte sin spanande forteljing om si tid i Libya.

30.03.2008 Postkassen på plass på Brynå

No er ny postkasse hengt opp på Brynå, og alt er igjen slik det skal vere. Takk til Ellen Mari som har adoptert Brynå og som har tatt bryet med å ordne opp etter herværket i påska! Flott at folk stiller opp! Det har berre tatt ei veke å få alt på plass att. Helselaget …

27.03.2008. Nye åpningstider på Nauste

Cesilie Wåland på MIXn på Nesvik melder at åpningstidene på Nauste nå framover våren blir frå 11.00 – 19.00, alle dagar. Løp og kjøp ! 

27.03.2008 Boka er funnen på Brynå!

Kåre Nesvik fann boka og postkassen som var kasta utfor kanten den 26.03.2008. Flott! Signaturen til dei som har gjort dette var "Ostepop er godt". Forseinka påskekrim dette! Postkassen var diverre øydelagt, men boka var i orden. Boka ligg no i pose på Brynå slik at turgåarar igjen kan skrive seg i den! Postkassen er bestilt, men …

24.03.2008 Hærverk på Brynå

Helselaget fekk den 23.03.08 melding om hærverk på turstien til Brynå. Det har sannsynlegvis skjedd laurdag den 22.03.2008. Skilt er revet ned og skrevet på med kulepenn, postkassen og boka er vekke. Dette er svært synd! Det er frivillig arbeid som ligg bak alle turstiane våre, og hærverk betyr at folk må stilla opp gratis …

Fullsett sal – Kalvadansen2008

Påskeafta var gymsalen på Jøsneset stappa til randen av folk – store og små, ungdom og eldre, bygdefolk og byfolk ! Og det braka i veg – for 2. gong i historia -med revy på Jøsneset. Så nå er tradisjonen skapt !! Fram på scenen trilla de, den eine etter den andre: dei glade amatørars …

Påskeafta: revy og fest

Påskeafta blir det igjen revy og fest i gymsalen på Jøsneset!! Påmeldingane har strøymd på, og nå er det heilt fullt på første del med revy og mat. Det er framleis ledige plasser på festen etterpå. Ta kontakt på 97 00 76 36 dersom du har lyst å bli med. Josè Altamirano spelar opp til …

GOD PÅSKE 2008

Påsken er over oss:  med fulle ferjer, liv på hyttene, blomstrande krokusar og fugleliv i strandkanten. Og i fjellheimen ligg forholda vel til rette for ein fin skitur. Me ønskjer store og små, fastbuande og feriegjester ei god påske på Jøsneset.                                     

14.03.08 Ingen endring for Jøsneset skule – førebels

  Formannskapet behandla skulestruktur-saka i møte den 11 mars. Dei vedtok førebels ingen endring i skulestrukturen, verken på Jøsneset eller Jøsenfjorden. Høgre argumenterte for å samle skulane på nordsida av fjorden i ein skule; og då på Jøsneset. Men dei fremja likevel ikkje forslag om dette i møtet nå. Saka skal nå ut på høyring …

Kvinneliv i Libya

På strikkekvelden torsdag den 27.03.08 kl 20.00 i Trivselståvå kjem Bitte Giæver frå Nasjonalforeningas fylkeskontor for å snakke om sine erfaringar kring tema "kvinneliv i Libya". Ho har nett budd ei tid i Libya og vil reflektere kring dette temaet. Som vanleg blir det høve til å ta med handarbeid, det blir kaffi, noko å …

12.03.2008 Topptur- konkurranse 2008!

Helselaget har endra litt på premieringa i turbøkene for 2008. No vert det ein fin premie som vert trekt blant dei som har vore på alle tre toppane våre: Gunlanuten, Røssenibbå og Herefjellet (Tausanibbå). I tillegg vert det trekt ein vinnar av dei som har vore og sett navnet sitt i alle dei 8 turbøkene …

12.03.2008 Vinnarane i turbøkene

Då Jøsneset helselag hadde årsmøte 06.03.08 vart det trekt ein vinnar frå kvar av dei 8 turbøkene. Desse vann ein flott skrittellar! Vinnarane er: Håvehammar – Børge Bergesen, Nesdalsfjellet – Sissel Vigesdal, Fosstemmen – Kenneth Hjorteland, Brynå – Berit Hjorteland, Høgafjell – Marit Lima Søyland, Røssenibbå – Paula Johannesen, Gunlanuten – Ingrid Eskeland Kruke, Tausanibbå (Herefjellet) …

13.03. Årsmøte Bygdarådet

TORSDAG 13.03.2008, kl 19.00 I TRIVSELSTOVA. SAKLISTE: 1.Godkjenning av innkalling og sakliste 2.Årsmelding og rekneskap for 2007 3.Jøsneset Bedehus; rekneskap og årsmelding for 2007 4. Valnemda har førespurd og innstilt følgjande på val: Oddbjørn Fossaa – attval leiar Berit Skiftun Hjorteland, nytt styremedlemSilje Sværen, nytt styremedlemKåre Hansen, attval varamedlemSven Westersjø, attval varamedlemSolveig Bog Bouzane: nytt …

05.03.2008 Skulesaka klar for formannskapet

Er du spendt på korleis det går med Jøsneset skule si framtid ? Innstillinga frå rådmannen er at Jøsneset og Jøsenfjorden skule skal drivast vidare slik som i dag.  Saka er nå klargjort til formannskapsmøtet som er den 11.mars 08. Les formannskapssak nr 42/08 her. Etter formannskapsbehandling skal saka deretter på høyring. Uttalefrist er sett til 17.april …

PÅSKEREVY 2008 – viktig påmeldingsfrist

   REVY OG FEST   PÅSKEAFTA, GYMSALEN PÅ JØSNESET   DEN SPREKE REVYGJENGEN SLÅR TIL IGJEN MED REVYEN   "KALVADANSEN ……. slik du aldri før har sett ein Jøsneskalv J Program for kvelden. Ca kl 19.00 1. akt "Kalvadansen", open for alle                  Her medverkar både vaksne og ein sprek guttagjeng Ca 20 – 20.45 Pause …