Jøsneset Ungdomslag ønskjer alle barna i bygda velkomne til diverse aktiviteter i vår òg. ”Basen” blir i Trivselstova. Opplegget er samordna med barnetrimmen, annakvar onsdag (minus vinterferie/påske)
Nytt for storskule/ungdomsskule-gruppa er at dei sjølv skal vere med å ta ansvar for opplegget (me hadde det ein gong før jul, der Joachim og Thomas hadde ansvar – og det gjekk fint…..så då prøver me det vidare). Difor er det ikkje sett opp aktivitet for dei – det er opp til dei to som har ansvar å avgjere. Det er alltid ein vaksen med i tillegg, og saman har desse ansvar for rydding etterpå.
ONSDAG |
BARNEHAGE/SMÅSKULE |
STORSKULE/ |
16 jan |
Film |
Det blir ingenting for denne gruppa denne gongen. |
30 jan |
«Bolleonsdag» – me ladar opp til fastelavenshelga med bollebaking. |
Dei store blir invitert til boller kl 18.30-19.00 – deretter eige opplegg. Aktivitet:? |
13 feb |
Fantasi med fargar og papir |
Aktivitet: ? |
05 mars |
Lage kort |
Aktivitet:? |
26 mars |
Toving |
Aktivitet: ? |
09 april |
Snekre fuglekassar – heile gruppa i lag. | |
23 april |
Ut i skogen for å henge opp fuglekassane. Deretter blir det felles vår-avslutning med mat og drikke………(og kanskje eit bål). Ansvar: Svanhild, Anne m.fl. |
Dei minste bør alltid ha ein vaksen med. Og igjen: dei andre foreldrene er òg velkomne
PS: dersom dagen du er satt opp på ikkje passar – byttar de innbyrdes el finn ein ”vikar”
Spørsmål til opplegget, ta kontakt med ungdomslaget@josneset.no
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.