Hjelmeland kommunestyre har vedteke at skulestrukturen i heile kommunen igjen skal granskast. Dette kom opp som ein del av kommunebudsjettet før jul. For Jøsneset sin del betyr det at det igjen skal utarbeidast ei utgreiing om skulane på nordsida av Jøsenfjorden, for å sjå om det er moglegheit for samarbeidsformer med tanke på innsparing. Frist for første runde med innspel var 25.02.08. Samarbeidsutvalet ved Jøsneset Skule har alt uttalt seg til saka, og ønskjer ikkje at det blir iverksett endringar i skulestrukturen nå. Les meir om dette i Bygdaposten.
Saka blir nå førebudd til politisk behandling i Formannskapet 11.mars. Deretter blir det ein formell høyringrunde med høyringsfrist 14.april. Det er råd for alle til å uttale seg i saka !! Etter høyringsrunden blir det ny Formannskapsbehandling igjen 14.april og endeleg Kommunestyrebehandling 21.mai.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.