Trudde du at Jøsneskalvane lider av skrivetørke og scene-angst?? Då må du tru om att!
Gjengen frå i fjor har til og med vakse, og er blitt meir ”mannsterke”, og er nå i full sving med førebuing til viltre sprell i gymsalen Påskeafta. Tradisjonen er eit faktum. Det blir sang og sketsjar av store og små, kvinner og menn. Så set av kvelden alt nå; til revy, fest og dans !!! Meir info kjem når det nærmar seg, så følg med her og i postkassen ! Og bli med å spre ryktet til hyttefolk og påskegjester, for det vil bli påmeldingsfrist før påskeveka !
Elles er det framleis rom for fleire frivillige i festkomiteen. Gi beskjed enkelt her og nå til ungdomslaget@josneset.no.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.