Månad: februar 2008

Barneklubb våren 2008

Jøsneset Ungdomslag ønskjer alle barna i bygda velkomne til diverse aktiviteter i vår òg.  ”Basen” blir i Trivselstova. Opplegget er samordna med barnetrimmen, annakvar onsdag (minus vinterferie/påske)   Nytt for storskule/ungdomsskule-gruppa er at dei sjølv skal vere med å ta ansvar for opplegget (me hadde det ein gong før jul, der Joachim og Thomas hadde …

28.02.2008 Glade solbilete utarbeida av skulebarna

Bli glad av flott solkunst!  Er du lei av den sure, våte og mørke vinteren? Lengtar etter sol?  Ta då ein kikk innom den lille nettbaserte "kunstutstillingen" på Jøsneset skule si heimeside her.Der finn du masse fine, fargerike soler, utarbeida av elevar i 3-4 klasse. Dei har henta inspirasjon både frå sola og frå sjølvaste Edvard Munch – …

Strikkekveld

Minnar om strikkekvelden i februar som vert torsdag den 28.02.08 kl. 20.00 i Trivselståvå. I kveld kjem Grete Haugen Sandvik som er bibliotekar på Hjelmeland bibliotek. Ho tek med seg nokre bøker ho vil presentere for oss. I tillegg vil ho informere om alle tenestane som biblioteket har. Det vert mogleg å låne bøker dersom …

25.02.2008 Skulen under lupa igjen

Hjelmeland kommunestyre har vedteke at skulestrukturen i heile kommunen igjen skal granskast.  Dette kom opp som ein del av kommunebudsjettet før jul. For Jøsneset sin del betyr det at det igjen skal utarbeidast ei utgreiing om skulane på nordsida av Jøsenfjorden, for å sjå om det er moglegheit for samarbeidsformer med tanke på innsparing.  Frist …

Årsmøte Jøsneset Ungdomslag

LAURD 01.03 KL 17.00 TRIVSELSTOVA.(tidspunktet er satt for at vekependlande ungdom òg kan få sjanse til å møte – men alle aldersgrupper er sjølsagt velkomne) SAKLISTE: 1. Godkjenning av innkalling og sakliste 2. Val av møteleiar og referent 3. Årsmelding og Rekneskap for 2007 (blir lagt fram på møtet) 4. Årsplan 2008: me har eit …

Basar og årsmøte Jøsneset Helselag

Basar og årsmøte i Jøsneset Helselag Jøsneset helselag held årsmøte med basar torsdag 06.03.08 kl. 19.00 på skulen. Gåver til basaren mottas med takk! Innslag av Bjarte Sørensen (ny lege i Hjelmeland) Matøkt Innkalling med saksliste og årsmelding vert sendt ut til medlemmane 2 veker før. Arr. Jøsneset helselag Kontaktperson Jorunn Foss mob: 99638803

19.02.08 Revygjengen i full sving!!

Trudde du at Jøsneskalvane lider av skrivetørke og scene-angst?? Då må du tru om att! Gjengen frå i fjor har til og med vakse, og er blitt meir ”mannsterke”, og er nå i full sving med førebuing til viltre sprell i gymsalen Påskeafta.  Tradisjonen er eit faktum. Det blir sang og sketsjar av store og …

18.02.2008 Barnebok på Håvehammar

Nå har Helselaget samla inn alle turbøkene frå postane rundt omkring. Det blir premie-trekning frå desse bøkene på Helselaget sitt årsmøte torsd 06 mars 08. Nye bøker er lagt ut på alle postane – så nå er det berre å setja i gong ny tursesong. For å inspirere borna til turgåing, er det lagt ut …

Barnetrim våren 2008

OBS: datoane blir ikkje heilt anna kvar veke i vår, for vi har tilpassa det til barneklubben. Vi har og delt opp igjen gruppene slik dei var i fjor vår, slik at det ikkje skal bli for stort aldersprang. TYSDAG 08 JANUAR Under skulealder: kl. 17.30-18.15. Ansvar: Anne Auglend 1-4. klasse: 18.15-19.00. Ansvar: Anne Auglend …

Årsmøte Ungdomslaget

Laurd 01.mars 16.00. Årsmøte Ungdomslaget, Trivselstova Me har stadig som mål å få fleire til å kome på årsmøtet enn dei som var i fjor. Så set av dagen allereie nå. Meir info kjem. Ungdomslaget.

Trim for vaksne

Eg har blitt spurt av J.U.L om å ha ansvar for trim/trening for vaksne (frå ung.skulealder) utover våren. Det kan eg godt ha dersom det møter opp litt folk. Ser føre meg at me møtes i gymsalen klokka 20.00 dei tysdagane ungane har trim (sjå datoar nedst på arket). Kor lenge me held på får …