Helselaget har fått henta inn turbøkene frå dei høgaste toppane – før snøen kjem.
På den høgaste nuten, Gunlanuten, har det i 2007 vore 112 stk som har notert namnet sitt i boka.
På Røssenibbå har det berre vore 13 stk, dei fleste av desse var i høve merking og oppsetting av skilt og hente boka.
På Tausanibbå på Herefjellet har det vore 69 stk. Dette er slett ikkje verst, og betre enn i fjor!
Turbøkene på dei andre postane blir henta inn før årsmøtet i Helselaget; som blir innan utgongen av mars.
Det blir trekt premiar blant alle turpostane på Helselaget sitt årsmøte……så berre fortsett å vere flinke å gå på tur, så blir premien kanskje nettopp din !
—
For å stimulere til enda meir turgåing, ynskjer me frå 2008 å premiere ekstra dei som har vore på alle toppturane. Følg med! Dette blir annonsert i høve årsmøte.
Jøsneset Helselag
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.