Månad: januar 2008

17.01.08 Vaksentrim og barneklubb

KLAR, FERDIG….. TRIM FOR VAKSNE OG KLUBB FOR SMÅ Ungdomslaget har nå starta på vårsesongen med barneklubb i Trivselstova. Det blir to aldersgrupper og ulike aktivitetar ca annakvar onsdag. Programmet for våren 08 finn de under Kalender. —– Elles har Ola Skiftun sagt seg villig til å ha trim for vaksne. Dette er eit kjempegodt …

Barnetrim våren 2008

OBS: datoane blir ikkje heilt anna kvar veke i vår, for vi har tilpassa det til barneklubben. Vi har og delt opp igjen gruppene slik dei var i fjor vår, slik at det ikkje skal bli for stort aldersprang. TYSDAG 08 JANUAR Under skulealder: kl. 17.30-18.15. Ansvar: Anne Auglend 1-4. klasse: 18.15-19.00. Ansvar: Anne Auglend …

07.01.08 Turbøkene frå toppane våre er henta inn!

Helselaget har fått henta inn turbøkene frå dei høgaste toppane – før snøen kjem. På den høgaste nuten, Gunlanuten, har det i 2007 vore 112 stk som har notert namnet sitt i boka. På Røssenibbå har det berre vore 13 stk, dei fleste av desse var i høve merking og oppsetting av skilt og hente …

07.01.08 Klar for ny Kalva-revy ??

Du fekk vel med deg ”Kalvaspretten” i fjor påske? Ja, dei uhøgtidelege Jøsnes”kalvane” som spratt rundt om på scenen i viltre vårsprell ? Når de har hatt mot å entra scenen ein gong, kan ein kanskje klara det igjen ?!? Og vips, så har me det me kallar ein tradisjon. Men då trengs det frivillige …

05.01.08 Dramatisk start på det nye året

Sjølve nyttårsfeiringa på Jøsneset gjekk roleg for seg i stilt og fint vintervær. Men fredag 4 og laurd 5 januar braut uværet laus for fullt over bygda – slik som over resten av distriktet. Kraftig vind i nesten eit døgn gjorde store skader fleire stader i bygda. Aller størst materielle skader blei det på Foss, …