14.12.07 Julestemning i bygda

Lefsebaksten i Trivselstova med Marta og Olga er unnagjort ! Det blei ein koseleg og nyttig kveld med denne tradisjonelle bakekunsten. Damegjengen jobba på i ett, og resultatet blei masse lekre smakebitar, og gode, mjuke lefser er nå spredt rundt i diverse heimar i bygda. Kunne du tenke deg oppskriftene? Send ein e-post til ungdomslaget@josneset.no.

Skulebarna har òg jobba ivrig – på juleverkstaden på skulen. Mange hemmelige, sjøllaga småting er på veg inn i fint gåvepapir – og ligg snart under trea til mor og far, tanter og onklar. Les meir om barna sine juleførebuingar på Jøsneset skule si eiga heimeside.
—-
Og ikkje minst – Barnehagen sitt koselege, tradisjonelle julebord er òg unnagjort – med flott pinnekjøtt, karamellpudding og gele på menyen. Underhaldinga var det sjølvsagt dei små som stod for; eit fint opptrinn med "På låven sitter nissen". Og til slutt svinga store og små seg i glad julesang rundt det flott pynta juletreet .

Og då kan julefreden snart senke seg over Jøsnesbygda.

Me ønskjer alle ei god jul – og alt godt for det nye 2008 !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.