Eldretreff

Jøsneset Eldretreff har eksistert sidan 1992. Fram til 2007 dreiv Aslaug Fossaa denne. Etter at ho trakk seg tilbake, har treffet halde fram; men er blitt organisert på ein litt anna måte. 

Seniorane treffes jamleg kvar 14 dag i Trivselstova til middag,dessert, kaffe og god drøs. God middagsmat blir levert frå Hjelmeland Omsorgsenter, og ansvaret for å tilretteleggje maten, dekke bord, rydde og vaske går nå på rundgang blandt brukarane.

Det er omlag 10-12 stk som plar møte opp, og det er veldig kjekkt om fleire av dei eldre òg kjem !!

Våren 2010 har Eldretreffen samling desse dagane: 

– torsdag 18.mars, middag blir laga og servert av storskulen+underhaldning av småskulen.
– torsdag 8.april
– 22. april.

Alltid kl 10.00 og alltid i Trivselstova

Men det hender òg at Eldretreffen finn på andre ting:

Td forfattarbesøk på Hjelmeland eller tur til Trodla Tysdal (vår2009)

Eldretreffen planlegg tur òg våren 2010, men dei har enda ikkje kome fram til dag og opplegg.

Eldretreffen ønskjer nye brukarar hjarteleg velkomne !!
ta ein telefon til Kontaktperson for Eldretreffen: Olga Hjorteland tlf. 51 75 19 47 /47 60 19 62.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.