Nydeleg jonsokfeiring

Jonsok blei feira på tradisjonelt vis Skiftustranda med fint bål, varm grillmat, krabbefangstkonkurranse, quiss, tautrekking og is til alle . Men nytt av året var at feiringa blei flytta frå mandag 23 til laurdag 21 pga dårleg værmelding. Det viste seg å vere eit sjakktrekk, for sola skein, temperaturen fiiin og fjorden blank og stille. Godt frammøte og god stemning ☀️☀️Takk til alle som møtte !

Arr: Jøsneset Bygdaråd