Nytt frå Strandbuen
- Victoria (27) vil ha ny samtykkelov: – Jeg var heldig, men alle er ikke det
- Brukere av denne veien må vente opp mot 20 minutter
- Store forsinkelser i flytrafikken etter stenging av luftrommet i Sør-Norge
- Kommunen frykter at elever skal bli tvunget inn i den offentlige skolen – uttaler støtte til private skoler
- Maria Gabrielle bodde hjemme til hun var 101 år – men det er flere år siden
Siste nytt
Julesong frå utescenen
Herlig julesong frå flinke born på utescenen på skuleplassen på Jøsneset. Det er etterkvart blitt tradisjon å tenne juletreet ved branngarasjen i eit felles arrangement. Nytt av året var at barna hadde øvd inn 3-4 flotte julesongar; som dei framførte ute på scenen i mørket og kulden - stemningsfullt og fint blei det ! TAKK til flinke songfuglar. Elles var det fakkeltog frå Skiftukaien, og godt å kome inn varm Trivselstove til hamburgerar, gløgg og kaffe - før det bar ut i mørket igjen til nisse og dans rundt juletreet. Bygdarådet takker alle som møtte opp !
Søndag 14. desember
Jøsneset Ungdomslag utfordra kvar og ein til å bli med på årets juleverkstad
Sjå plakaten her
Adventsbad
Lørdagsbadinga går sin faste gang. Det har blitt gjennomført 7 lørdagsbad på rad denne hausten; ikkje alle kvar gong: Nokre gonger bra frammøte, andre gonger litt bedre plass i Kogekjellå på Foss. Ganske god plass nå på lørdag då kun 2 x Svanhild stod for adventsbadet. Men "Kogekjellås Venner" ser lyst på vinteren: Vel møtt til nytt bad neste lørdag kl 16 til nye og "gamle" baderar"
Graut, gløgg, saft og kaffi
Med snø i lufta og vindretning rett i mot, var det godt å komma seg inn i Kalvagarden. Der var gløgg og kaffi klare til å komma i koppen, og drøsen gjekk godt rundt bålet. Me var 11 vaksne og 4 born som la første søndag i advent turen frå Åsland til Fosstemmen. Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag hadde i dag tatt initiativ til ein Adventsmarsj for alle, både fastbuande, hyttefolk og alle andre som var innom Jøsneset denne dagen.
Trykk HER for eit lite bildegalleri frå turen.
Takk til dykk alle som møtte opp og gjekk turen saman med oss i dag.
Felles nyttårfeiring
Les info om opplegget på PLAKATEN HER
Ein gledeleg overraskelse
Me søkte i høst om penger til nye postkasser, til dei 7 tur postane med bøker, frå Hjelmeland Sparebank sitt Gåvefond. Postkassene me har i dag har vore i bruk i øve 20 år, og me slit med at bøker blir våte og øydelagde av vær og vind. Derfor søkte me om midler til å ta ei skikkeleg oppgradering av postkassene slik at bøkene ligg tørre og trygge. Overrasking var derfor stor i kveld på damekvelden, då banksjefen dukka opp med ein gåvesjekk på 17 500kr til 7 nye postkassar. Me takkar særskilt Hjelmeland Sparebank og gåvefondet som nå gir oss moglegheiten til å oppgradera postkassane våre.
Siste damekveld for i år
I kveld hadde me siste damekveld for 2014. Me hadde beslk av Aina Fuglestein som hadde eit foredrag om trening og kosthald.
Les og sjå bilder frå kvelden her