Nytt frå Strandbuen
- Nicoletta strålte i TUS-musikalen – innertiar, seier publikum
- I neste uke blir matvarene dyrere: – Folk hamstrer inn tørrvarer
- Naboene klager, men kommunedirektøren mener hundepark vil løse et viktig samfunnsbehov
- Ny møteplass for seniorer – med tid til god drøs
- Øltørst mann møtte opp på butikken med kniv og gorillamaske
Hardhaus-selfie 2022
Sjå dei mange flotte selfiane fra årets Hardhaus.
Hardhaus-selfie av Magne.
Selfie sendt inn fra Ingvild
Jøsnesbu var med i RyfylkeQuiz 2022
I går, torsdag 2. juni, gjekk årets RyfylkeQuiz av staben. Ryfylkequiz er ein årleg konkurranse for alle 8. klassar i Ryfylke-kommunane, som starta i 2016. I år var Jaden Bouzane fra Jøsneset på laget som representerte Hjelmeland. Saman med to andre i klassen vann dei først den lokale konkurransen på Hjelmeland ungdomsskule, og blei sendt til Ryfylkefinalen som i år var i Suldal kommune.
Det var skyhøgt nivå, og det var til slutt Sand ungdomsskule som stakk av med den gjeve seieren. Me gratulerer Jaden med god innsats! Ein kan sjå heile sendinga på YouTube (sjå nederst i artikkelen).
Velkommen til Hardhausen 2022
Jøsneset Helselag ønskjer velkommen til Hardhausen 2022 på søndag 1.pinsedag. Alt er i rute, heia er snøfri og fin, ein del ruter er nymerka og værmeldinga er bra !
I år skjer alt på same dag 1. pinsedag, slik "før-koronatid". Du har to muligheter for start: Start Åsland: Her vil du møte Marit frå morgonen av, men du finn òg ein plakat med info om påmelding via sms og betaling via vipps og info om parkering. Start Fosstemmen: du må GÅ for å komme deg til sekretariatet/basen ved Fosstemmen. Du kjem deg dit anten frå Foss eller Åsland, sjå TURKART JØSNESET
Her finn du MEIR INFO OM LØYPENE OG OPPLEGGET
Kom elles gjerne berre opp til Fosstemmen for å nyte dagen og få deg ein kopp kaffe, ta deg ein padletur (husk redningsvest) eit bad eller ein liten natur-quiss for barn. Svanhild og Berit har fyr på bålpannene heile dagen, så ta gjerne med grillmat ! Her er òg Røde Kors stasjonert heile dagen. Eller ta turen til Gunlabu, der Ellen Mari har "pop-up-nøtte-og saft-stasjon" denne dagen ! TREKNING AV PREMIAR SKJER KL 15.30 v/ FOSSTEMMEN.
Me håpar alle får ein nydeleg dag, anten du vel å gå langt eller kort. Husk å nyte dagen og naturen - og del gjerne gleda med oss alle:
ME INVITERAR TIL SELFIE-KONKURRANSE, SEND DIN SELFIE TIL JØSNESSIÅ v/ SOLVEIG BOG PÅ MESSENGER ELLER SMS :
Spørsmål? Ta kontakt på 97 00 76 36
Skiftun kai 100 år - Me jubilerar 2.juli 11-16
Skiftun kai har i generasjonar vore bygda sin viktigaste møteplass. Dåtidas "internett" der informasjon fløyma ut og inn -og nye trendar openberra seg.
Rutebåtar har kome, rutebåtar har gått. Hurtigbåtar, butikk, post, fiskemottak, bryggedans, båthamn, fisking, bading, siderbrygging....og meir til. I 1922 skjedde dei ei stor oppgradering av kaien, og det er i år 100 år sidan. Nå har me hatt 2 år med korona og sosial distanse - det er jammen på tide å samlast igjen - på kaien, som i gamle dagar - Så velkommen fastbuande, fritidsbuande og ferierande gjester !
PS: bildet ovanfor er ein tidstypisk situasjon frå 1968: karane møtes i god tid før rutebåten kom. Oppdateringar ! Bildet er tatt av Svein Hauge. Eit av quiss-spørsmåla blir: kven er karane på bildet?
PPS: bildet under er eit gammalt prospektkort. Sikkert eldre enn 1922 - for her var det berre trebrygge.

23. mai - Tur til Skabelonen for 60+
Helselaget minner om at alle over 60+ er invitert på tur til Skabelonen i Årdal med eigen buss 23. mai. Eldfinn Austigard tek i mot og serverer saupskoltar og bålkokt kaffe - og han fortel historier om alle dei flotte utskorne trefigurane han har i hage og hagestove ! Eigenandel kr 100,- Påmelding innan 20. mai til Berit, mobil 97 11 24 74
DUGNAD 14. MAI
For at det skal vere ekstra fint ved Grendahuset når me endeleg kan feire 17. mai saman, inviterer Bygdarådet til dugnad laurdag 14. mai fra kl 10 (det er lov å komme seinare, dersom du likar å nyte ein sein frukost). Det vil bli ein kaffipause med noko og bita i, midt på dagen.
Ting som må gjerast:
- luke i bed
- rydde i kjellaren
- sette opp eit gjerde
- fikse leikeapparat
- reinske takrenner
- osv
Ta med hanskar og hageredskaper dersom du har det. Me satsar på fint vær, godt lag og ein produktiv dag!
Alle er hjarteleg velkomne!
Bygdarådet