Siste nytt
- Ny ferje ! Nye ruter !
- NYE FERJERUTER FRA 15. APRIL
- Høring av forslag til nytt ruteopplegg for hurtigbåt i Rogaland
- Svanhild får Stavanger turistforening sin dugnadspris
- Referat årsmøte i Jøsneset Bygdaråd
- Referat møte i bygdarådet 23.03.2021
- VINNARAR FRÅ TURBØKER 2020
- Årsmøte i Helslaget
- Ny melding frå Statens Vegvesen - ferje og hurtigbåt
- Meldingar vedr ferjedrift Nesvik
Nytt frå Aftenbladet
21 april 2021
Flottaste utsikten - Røssenibben !
Det var varmen og romantikken som seira i årets Hardhausen på Jøsneset. Juryen falt for dette bildet av to 1.gongs-Hardhausar, ja, som første gong gjekk dei 4 nutane NordaHøgaste, Gunlanuten, Valafjell og Røssenibben. Og flott at dei ikkje berre sprang på, men faktisk tok seg tida til å sitje ned, vere til stades, nyte sola, fjordutsikten og kvarandre ! Fotograf er Iren Einervoll, og det er Malin Fuglestein og Lars Erik Grunnevåg som nyt flottaste utsikten frå Røssenibben.
Hardhausen Light 2020
Ei fantastisk pinsehelg som skapt for Hardhausar og andre hausar ! Pinseafta var det 19 stk som meldte inn løysingsordet frå dei 4 toppane, altså 19 Hardhausar. Og 2 stk melde inn frå 3 nutstur. Me oppmodar om å ta turen for topp til topp eller frå post til post ila pinsehelga. Meld gjerne inn frå turar til dei andre av dei totalt 10 turpostane på Jøsneset også, så er du med i trekning av ein premie ! Eigen premie for barn under 14 år. Husk òg fotokonkurransen "Flottaste utsikten". Følg med på JøSNESET SI FACEBOOKSIDE - der blir innsendte foto lagt ut . Og her finn du meir info og Turkart Jøsneset
Foto: utsikt frå Norda Høgaste, Iren Einervold
HARDHAUSEN light 2020
Alt er annleis i 2020! Også Hardhausen på Jøsneset ! Dët vil i år ikkje bli eit sekretariat eller ein felles sosial happening ved Fosstemmen, slik me pleier! Me oppmodar likevel folk å ta turen frå post til post, og frå nut på Jøsneset. Me strekkjer tida ut, så du kan sjølv velge å gå når du vil i løpet av pinsehelga. Legg lag med venner, kjente, naboar, familie - og ha ein fin tur. Men tenk tryggleik og smittevern òg på tur !
I år er alle dei 10 turpostane på Jøsneset "med", og me oppmodar dykk om å ta både korte og lange turar, alt etter fysisk form og lyst. Her er TURSTIKART JØSNESET. Alle ruter er merka, men følg godt med i terrenget når du går, og ta gjerne med eige kart dersom du ikkje er kjent
Me har òg laga eit sett med "Hardhausen-Korona-spesial-reglar" fint viss alle set seg inn i dei før de tar turen !
Følg med på eventen Hardhausen LIght 2020 på Facebook, og på Jøsneset si opne Facebookside !
Undervegs på tur oppmodar me om å Ta foto. Send inn foto til konkurransen "Flottaste utsikten". Premiering !
Naturen er ein fantastisk arena ! Nyt dagen ! God tur !
Tok kaka !!
Takk alle saman - for ein feiande flott og annleis 17.mai ! Takk for alle foto og videoar som blei sendt inn til oss !! Alle desse ligg på Jøsneset si Facebookside ! Så mykje kreativt og koselig de alle har funne på; frå griseløp til maraton-quiss, frå luftgeværskyting til eige 17.mai tog ! Fantastisk !! Men det var eitt bilde som virkeleg TOK KAKA, og det var Ola Skiftun sitt bidrag av Nila, Lene og den herleg 3-etasjars-17-mai-kaka !! Her var det stemning til tusen ! Så dette bildet gjekk av med seieren i vår konkurranse !! Premien er eit gåvekort på blomster hos Haferkamp! Takk til alle bidrag frå folk i bygda ! Sjå foto på Jøsneset si Facebookside
Gratulerar med dagen - Her er JøsnesQuissen !
Gratuelerar med nasjonaldagen 2020 !
Dagen kan gjerne starte med JØSNES-QUISSEN 2020.
Men ta deg ein pause kl 12.30 Tale ved Malena Altamirano direkte på Facebook. OG husk premieutdeling kl 18.30 på Facebook direkte frå Trivselstova
Husk at svara må sendast på sms samla til 991 01 365 innan kl 17.00 . Lykke til og ha ein fin dag !
Velkommen til annleis 17.mai på Jøsneset 2020
17.mai 2020 kjem til å gå inn i historiebøkene som vår tids mest speseille nasjonaldagfeiring. Bygda vår er lita og me er få. Likevel vel me òg her sosial distanse og svært alternativ feiring pga korona. Men me håpar alle "blir med oss" inn i denne vakre dagen, og følgjer oss på to direktesendingar på JØSNESET SI OPNE FACEBOOKSIDE - og ellers har me gjort klar uteaktivitetar i bygda og her på nettsida for dagen.
Dagen startar med DIREKTESENDIG FRÅ NESVIK kl 11.30 - Tale for dagen med Malena Altamirano. Der får de òg info om dagens program.
Premieutdelinga skjer òg som DIREKTESENDING FRÅ TRIVSELSTOVA kl 18.30
Mellom direktesendingane kan de ta ein luftetur og vere med på vår natursti og spørsmål rundt om i bygda, eller vere med på foto/video-konkurranse De kan òg sitje heime i godstsolen og delta på vår Jøsnes-quiss. Den blir lagt ut her på nettsida 17.mai
Her kan de lese heile PROGRAM FOR 17. MAI JØSNESET 2020
All grunn til å pynte huset, deg sjøl og katten - og heise flagget til topps ! Ha ei fin nasjonaldagfeiring !