Nytt frå Strandbuen
- Nicoletta strålte i TUS-musikalen – innertiar, seier publikum
- I neste uke blir matvarene dyrere: – Folk hamstrer inn tørrvarer
- Naboene klager, men kommunedirektøren mener hundepark vil løse et viktig samfunnsbehov
- Ny møteplass for seniorer – med tid til god drøs
- Øltørst mann møtte opp på butikken med kniv og gorillamaske
INNSAMLING ROMANIA
16. SEPTEMBER KL 17.00 - 18.00 v/ JØSNESET BRANNSTASJON
Me treng klede, sko, ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn og stoff, strikke-og sysaker, leiker - Ja, alt mogleg.
Pakk godt i doble sekker eller gode øskjer. Ikkje for tunge kolli. Fraktpengar kr 50,- VIPSS: 95105424
Stor takk til alle !
Inger Apeland 95 10 54 24
Dugnad for våte turstiar
Onsdag denne veka var det ein effektiv gjeng som lasta på 13 tunge trelemmar på traktorhengar på Foss, og kjørte de inn til Skiftunstølen. Der blei dei 3-5 m lange/tunge trelemmene lessa av og bore inn til den våte myra som Gunlanutstien går over. Her blei lemmane lagt ut og "montert" på dei våtaste partia, slik at stien nå er mykje meir brukarvennleg. Klikk på bildet ovanfor så får du sjå ein liten filmsnutt korleis arbeidet gjekk for seg.Namnekonkurranse: Gangpartiet over den våte myra mot Gunlanuten er nå blitt så fin, at den fortjener nesten eit eige lokalt stadnamnskilt - så me lyser ut ein namnekonkurranse: kva skal traseen heite? (forslag er alt mottatt). Send ditt forslag til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Bli med på turstidugnad - Onsdag 17.aug
Denne stabelen med ganglemmar ligg på Foss, og skal nå leggjast ut i våte parti på stien til Gunlanuten. Lemmane er ca 3-5 m lange,og blir frakta med traktor frå Foss til Skiftustølen, og skal altså bærast inn frå traktorvegen og eit par hundre meter inn på myra der det er veldig vått. Då vil stien her bli fin og behageleg å gå på. Lemmane er tunge, så jo fleire me er til å vere med å bære, jo lettare, fortare og kjekkare går jobben. Det blir oppmøte på Foss kl 17.00 onsdag 17. august. Det er mogleg å kjøre bil heilt opp til Skiftustølen. Me lesser lemmane på traktoren, og organiserer oss i bilar opp. (dei som vil, kan gjerne gå opp frå Foss, tar ein drøy times tid).
Fint viss du gir beskjed til Jostein i Bygdarådet på tlf 900 62 330 om du blir med.
Bussruter Smashing Jøsneset - feil i telefonnummeret til Sven!
Det sneik seg dessverre inn ein feil i bussrutene! Vil du bestilla buss fra Jøsenfjorden eller Hålandsosen må du ringa Sven på nr 92862410 i løpet av torsdag kveld!
Førehandssal av Smashing-billetter ut torsdag
Salet av billetter til årets Smashing Jøsneset går unna som varme skuleboller! Dersom du vil sikra deg billett, har du sjansen fram til midnatt torsdag 4. augusther. Det blir sal av resterande billetter ved inngang til konserten.
Treningsrommet stengd laurdag kveld
På grunn av Smashing Jøsneset er treningsrommet stengd laurdag 6. august frå kl 17