Nytt frå Strandbuen
- Kommunen bøyde av etter store protester – veiene blir likevel brøytet
- Måtte innstille alle ferjeavgangene – feilene er nå fikset
- Kjempestemning på låven – se alle bildene fra julemarkedet
- Jobben til Silje krever masse, men på Forsand bruker hun mye tid og finner roen
- Massiv kritikk: Her gjør Kiwi og Rema det igjen
Nytt frå Aftenbladet
Siste nytt
Påskesol ned i vest
Påsken 2013 må vel gå inn i historia som tidenes beste - iallefall har sola fått regjert på himmelen heilt aleine - utan ei sky - heile påskeveka til endes ! (og fullmånen har regjert aleine på nattehimmelen) . Her går sola ned i Nedstrandsfjorden; tatt frå ein terrasse i hyttefeltet i Knutsvik....dette er staden for dei flotte kveldshimlane !! Både dette påskebildet, og det på neste side, er sendt inn av Marthe Aas Larsen.
Ein vakker solrik påskedag er til endes - ei fantastisk påske både ved sjøen og fjellet - og på terrassen !! Heldige dei som har hytte her :
Send oss DINE påskebilder ! Nå har me mottatt både frå Nesvik og Knutvik.....me vil gjerne sjå koss påsken har vore òg på Fosså, på Foss, på Åsland,på Eiane og i Skiftun òg - og ikkje minst : i heia ! eller på fjorden ! Send foto til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Fullsett Basarkveld
Ingen påske utan BEDEHUSBASAREN, og slik vart det òg i år. Styret i Bedehuset skipar til god, gammeldags basar der inntekta går til naudsynt vedlikehald av bedehuset i bygda. Basaren er ein populær begivenhet; ikkje minst for tilreisande påskegjester. Bedehuset var fullsett denne kvelden, og leiar i bedehusstyret Trygve Brandal var nøgd.
Våronn i Nesvik
Me har mottatt fleire påskebilder frå Nesvik, og her er det vårstemning: Lars Reidar og Sigbjørn Nesvik er tidleg ute med våronna i skråninga ned mot båthamna. Det er nok mange bønder rundt om i Norges land som kunne tenkt seg og gjort det same nå; men kulden og snødekket over landet gjer nok sitt til at dei fleste må vente litt til.
Påskebadet !!
Påskeliv er ikkje berre ski og appelsiner: men også bading!! Her er det friskusen Tobias Skjennum Vigesdal frå Sandes som tar årets første bad i Nesvikstranda tirsdag i påskeveka.....ansiktsuttrykket fortel vel det meste om temperaturen
Totalforbud mot bålbrenning
Konstituert brannsjef Johan Mjølhus melder at det nå er totalforbod mot open ild og brenning ute i terrenget i Hjelmeland fram til det generelle forbodet 15.april. Det er svært tørt i gras og utmark, så vær OBS !
Send oss dine PÅSKEBILDER
Så var dei endeleg her igjen...tjelde-paret som kjem att vår etter vår på den same steinen i Skiftustranda - litt seint i år i den kalde våren, men dei kom, og dei er eit like sikkert tidleg vårteikn som lamma i sauefjøsa, som gåsungane som snart sprett ut, som krokusar og snøklokker. Send oss foto av eit vårteikn og/eller ei fin påskesteming; på tur, i hagen, på sjøen ......Foto sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Første lam på Jøsneset?
Det er kome lam på Åsland! Anniken, Ronja og far Eilef Foss lurer på om det er dei første lamma i vår på Jøsneset? Lamma vart fødde 21.03.13, og det er kome 5 lam til no.