Nytt frå Strandbuen
- Lovet lavere Ryfast-takster på folkemøte
- Satser enda mer i Ryfylke med banksammenslåing – dette er endringene folk vil merke
- Mathilde, Ida, Solveig og Leah gjekk til topps med ideen sin: – Me fekk sjokk
- Ny suksess for talentet frå Jørpeland i siste sjanse for sesongen
- Reagerer på Ryfast-forslag: – Dei einaste som tener på dette er banken
Siste nytt
Brev til oppvekstsjefen
Jøsneset bygdaråd har skrive eit brev til oppvekstsjef Anita Heggebø angåande nedlegging av Jøsneset skule. Du kan lesa brevet her.
Til hausten startar den offisielle høyringsprosessen om nedlegging av skulen. Har du ei meining om saka? Kontakt bygdarådet og sei fra!
Starta bra, men enda i pøsregn
Jonsokafta i Skiftustranda starta veldig bra....picknick-korger, campingstolar, store og små strøyma på , og den eine retten etter det andre bli grilla fram over fellesgrillen. Kos, prat, deilig og stille sommarkveld medan grillmaten blei spist og kaffekosen pågjekk......men skumle skyer trua! Bålet blei tent ...wow ! For eit syn!!! Men skyene trua framleis...
Sportsmeldinga
Dagens sportssending med involverte Jøsnesbuar:
Ingeborg og Sven Westersjø deltok i det 10 mil lange sykkelrittet "Kraftrittet" . Ingeborg gjekk inn til seier i dameklassen - ikkje så rart kanskje sidan ho var einaste dame som deltok - smart !!. Tida blei 5.04; omtrent nøyaktig det same som Sven si tid - dei utgjorde til saman baktroppen. Kraftrittet markedsfører seg som " rittet for de litt tøffere". Ja, tøff løype: Sand-Lovreid-Jelsa-Foreneset-Erfjord-Vadla-Gullingen-Sand, Puh ! Me gratulerar med vel gjennomført ritt ! Resultatlista finn du HER
Aftenbladet refsar nedleggingsvedtak
Distriktskommunen Hjelmeland får passet sitt påskrive på ledarplass i Stavanger Aftenblad i dag 21.juni 2013. I ledaren står det følgjande:
Lun og fin sommaravslutning Jøsneset skule
Det blei ei spesiell sommaravslutning på Jøsneset skule torsdag kveld, sidan kommunestyret hadde vedtatt nedlegging av skulen kvelden før. Men barna er sceneproffe som få; og de trylla fram gode, glade opplevingar for publikum frå begge bygdene. Song, sketsjar, musikk, film, dikt og ikkje minst heftige tøffe dansenummer - og alle som ein av elevane var på scenen å bidrog med sitt.
Jøsneset skule blir nedlagd
Uvanleg folksomt i kommunestyresalen i kveld. Ekstrastolar blei lempa inn og folk sat ute på gangen. Folk frå fleire bygdar møtte opp for å høyre om sparesaka. Det blei vedtatt det same som i formannskapet: Ned med Jøsneset skule og redusert omsorgsenter i Årdal + noko kutt/omstillingar på Interne tenester/Bygdeutvikling. Det blei òg vedtatt ein del punkt som oversendingsforslag til Formannskapet, som betyr at det skal gjerast nye utgreiingar på nye område med tanke på sparing.
Sommaravslutning skule/kulturskule
Jøsneset skule og Kulturskulen inviterar til sommaravslutning i gymsalen kl 18.00 torsdag 20.juni.
Det blir opptrinn av skuleelevane og musikkinnslag frå kulturskuleelevane.
Alle bygdefolk i begge bygder er velkomne