Nytt frå Strandbuen
- Vil at datasenter på dette området skal gjøre et folkebad mulig
- William klippa snora til det han og bygda har venta så lenge på: – Håper neste Haaland kjem herifrå
- Strålende melding fra meteorologene – kan bli over 20 varmegrader
- Dette er konfirmantane i Hjelmeland
- Victoria (27) vil ha ny samtykkelov: – Jeg var heldig, men alle er ikke det
Siste nytt
Palmebadet !!
Etter 25 badelørdagar på rad gjennom vinteren + nyttårsbadet, er det på tide for badegjengen å avslutte badesesongen - det blir jo vår og aaaalt for varmt - ja, me syns nesten me høyrer PALMEsusen innover Fossdalen !!
Så av med ullhuene og på med vår/påske-badehettene, folkens og...
...Møt opp i Kogekjellå på FOSS kl 16.00 PALME-lørdag - så tar me årets SISTE vinterbad, eller rettare sagt eit heidundrande PALMEBAD!!!
Denne 25.badeseansen i ånå feirast med påfølgande grilling (ta med grillmat), kaffe, "looongdrinks", kaker og påskekos......Og kanskje må me "te båtnars" for å leite etter påskeegga - kven veit !?
Den Glade Badegjeng
Gamle gubbar for leseglade damer
Denne månaden er det to gamle svenske bygdegubbar som har underhalde damene i Lesesirkelen på Jøsneset. Boka "Rapsgubbene" var av den lette og humoristiske sjangeren, og slo ganske godt an blandt lesarane. Boka handlar om to eksentriske ungkars-brødre som bur på den stille svenske landsbygda - heilt til rare ting begynner å skje i den søvnige bygda...
Les Lesesirkel-damene sine meldingar av boka.....
Framleis mulighet for påmelding!
Påmeldingsinfo sjå: PLAKATEN
Vegskilt og adressering
De har sikkert lagt merke til at det nå er sett opp skilt med vegnamn og nummertilvising på Jøsneset. Dette er ledd i kommunen sitt adresseringsprosjekt. Alle vil få tilsendt brev med nærare informasjon. Me har førebels fått følgjande informasjon frå kommunen om dette:
Årsmøtet Ungdomslaget
Jøsneset Ungdomslag hadde årsmøte laurdag 22.mars2014. Her finn du ÅRSMØTEREFERATET
Bli medlem i JUL
Vil du verta medlem av Jøsneset Ungdomslag?
Ungdomslaget minnar om at medlemskontigent kan innbetalast til kontonr: 3353 22 24646. Det kostar 100 kr per person. Betalingen merkes med medlemsnamn, og «Medlemskontigent 2014». Alle kan bli medlem, støtt gjerne opp! Dersom du er medlem og har idear eller ønskje om å arrangera noko sosialt i bygda, ta gjerne kontakt med oss! Mvh, Styret i JUL, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
To skirenn på gang!
Me har fått følgjande info frå Idrettslaget:
Det er skirenn i Fjellbergskardet kl 18 i kveld onsdag 26.mars. Påmelding snarast til meg på epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.. Dette rennet blir det andre karusellrennet Hjelmeland arrangerer.
Suldal arrangerer sitt einaste karusellrenn på søndag 30.mars i Breiastøldalen kl 13. Her er meir informasjon om det.
Velkomne til renn! Venleg helsing: Hans Widerøe, Rennansvarleg, Hjelmeland IL-ski, 404 39 165