Lørdag 04.04 blei Herefjellet svidd av. 8-10 stk var med og sette fyr. Det var litt trekk frå sør-vest, så dei sette fyr frampå og det brant seg bakover. Alt var under kontroll heile tida og det tok ikkje av. Nokre stader var det litt vanskeleg å få det til å brenne. Sist gong kunne ein sjå flammane heil til Stavanger og det brant godt ut på kvelden. Slik var det ikkje denne gong, men det var nok fleire som såg røyken. Røyken for mot Erfjord, me får ikkje håpe dei fekk heile den fine dagen ødelagt med røykelukt. Det gjer godt å få svi av litt lyng og kratt av og til slik at det blir lettare å gå der oppe.

Herefjellet

FaceBook
Facebook