Rundt 50 store og små tok turen til Skiftun-stranda i kveld for å feire St.Hans. 
Flott vær og stort bål, god varme på grillen og godt lag. Det blei ein veldig fin kveld!

Det var mange kampingstolar og grillpølser som hadde funnet vegen til Skiftun-stranda i kveld.
Veldig kjekt å sjå at så mange tok turen, og kjekt at det var både fastbuande og fritidsbuande. 
For dei unge var det konkurranse for å sjå kven som fekk den største krabben og den største fisken. Her var det mange ivrige fiskerar – som knapt hadde tid til å ta imot isen som blei spandert.
Det vanka premie til dei som vant. 
Det blei og tid for tautrekking. Det eine laget vant første omgangen, medan det andre laget tok revansje på andre forsøk. 
Til tross for god temperatur i lufta var det ingen som våga seg uti og bada. Kanskje må sommaren synke inn litt meir.
Her kan du sjå fleire bilder fra kvelden:

 

Tusen takk til alle som møtte og gjorde kvelden så fin! 

 

FaceBook
Facebook