Den unge, entusiastiske jazztrioen VASPELAND 3 frå Oslo prøver igjen ! Koronarestriksjonar la kjeppar i hjula for Rogalands-turneen i mai.  Nå er dei "på hjul" igjen, og klare for konsert på Jøsneset.  Me satsar på godvær og utandørsmusikk kombinert med kafèsal.  Det blir rigga bord på uteplassen ved Grendahuset !  Ta deg gjerne ein flott Jøsnestopptur denne søndagen, før du toppar dagen med god kafèmat og ekte, akustisk jazzmusikk !   Kjekt at utøvande musikarar igjen er å sjå på fysiske scenar ute blant folk igjen etter koronanedstenginga - Vipps de difor gjerne meir enn mistebeløpet kr 100,- pr pers ved inngang.  vipps 47840680. Konserten er ein del av programmet til kultur- og matfestivalen RYFEST

Vaspeland3 serverer "Tea for two" - og det skal me få til frå kafeen òg -  pluss kaffe og gode matbitar !  Vaspeland3 sin versjon av "Tea for Two"   - Velkommen !!  

Arr: Jøsneset Bygdaråd

 

 

 

FaceBook
Facebook