Er du lei av feite snegler som slimar seg over plenen, knaskar i seg salaten og blir fleire, større og eklare for kvar dag? Då har du sjansen til å gjera ein innsats for å bli kvitt styggedomen!

 

Slik gjer du:

1. Samle så menge LEVANDE snegler du kan i ei bøtte

2. Møt opp hos Silje Sværen med sneglebøtta MANDAG 9. JULI KLOKKA 17.00

3. Sneglane får seg eit bad der dei blir smitta av ein dødeleg parasitt og bakterie (Nemaslug)

4. Vel heime kan du kosa deg med å klippa dei smitta sneglane i to og legga dei ut som åte på stader der andre snegler finn dei, et dei og sjølv blir sjuke - og blir spist av nye snegler osv.

 

Me gjer same prosedyre ein gong i haust, og igjen til våren. Dette er einaste måte å bli kvitt det slimete marerittet, og me er avhengige av at flest mulig blir med. Finn fram gummihanskane og møt opp på mandag!

FaceBook
Facebook