Me vågar påstanden om at framsyninga som skulebarna framførte på Jøsneset onsdag kveld var sjølvaste Edvard Munch verdig !!!  Han hadde nok smilt godt om han hadde visst korleis hans verk  inspirerar barn i vårt moderne 2011 - heile 67 år etter hans død.  Gymsalen på Jøsneset var fullstappa med publikum når temaveka om Munch blei presentert.

Publikum blei servert ei variert framsyning av og med skuleborna frå Jøsenfjorden og Jøsneset, både småskule og storskule - og alle som ein deltok. Det var song, skodespel, forteljing, musikk - og ikkje minst ei flott kunstutstilling som verkeleg viste at barna var blitt inspirert av Munch sine særprega kunstverk. Det var både malerier, men òg bornas skriftlege tolkningar av fleire av Munch sine måleri.


Her er storskulen i sving med gitarspel og song.


Småskulen - dette er gjengen som kan kunsten å sjarmere.
Mange flotte talent her......(anar me her ei solid rekruttering til "revygjengen")


Kultuskuleelevar i eit flott og artig samspel på fiolin.


Her sit Christiania-bohemane Edvard Munch, Hans Jeger og Oda Krog og skålar og diskuterer på Grand Kafè.

 

Tjueriet av dei verdifulle kunstverka Madonna og Skrik blei framført med stor innleving.......


....men dei frekke tjuvane blei arresterte og måleria kom heldigvis till rette igjen.



Bygdefolket både frå Jøsneset og Jøsenfjorden er flinke å stille opp, og det var rundt 100 frammøtte.
God steming og stor applaus.
Etter førestillinga blei det matøkt.....mmm.....masse god mat som foreldra hadde bidratt med.


Det var vel verd å ta ein tur rundt for å sjå på KUNSTEN....her flotte tolkingar av sola




 

Og "Skriket" framstod òg i nye flotte, former.....


FANTASTISK kreative og flinke elevar.....ingen tvil om at Munch set sine spor framleis.

Takk til skulen, lærarar og elevar, for nok ein kjekk og triveleg bygdekveld med masse kulturelle opplevingar.

FaceBook
Facebook