På oppdrettsanlegget på Fosså er det utplassert ein værstasjon - og på den måten har me kunne få heilt oppdaterte, og svært lokale værobservasjonar for bygda vår. Flott, ikkje sant!!  På vår nettside er det lagt ut link til www.vindkast.no, slik at det skal vere enkelt for dykk jøsnes-side-brukarar å få opp værstasjonen.

Pga omlegging av Marine Harvest sitt nettanlegg har stasjonen mista kontakt med internett - og dermed står stasjonen i fare for å bli nedlagd.

VINDKAST.NO ønskjer å få ein oversikt over brukarar og om det er ei teneste det er ønskje om å vidareføre. Dei ønskjer di meining, så følg linken HER for meir info. Vindkast er òg på jakt etter sponsorar for vidare drift. 

 

FaceBook
Facebook