NAV i samarbeid med Frivilligsentralen arrangerte aktivitetsdagar for dei flyktningane som er i introduksjonsprogrammet siste veka i juni. Første dag stod tur til Jøsneset på programmet.

Svanhild (som òg er NAV-leiar) og Johan Hjorteland var vertskap for turen som gjekk til gapahuken på Fosstemmen. Her var det grilling, bading, turgåing og fisking. Alle gjekk opp og ned, og storkoste seg på den fine plassen!


Her er gjengen samla, inkludert "guidar" frå NAV.


Klar for ferja tilbake til Hjelmeland etter ein fin dag i naturen :-)

FaceBook
Facebook