images/JUL/Bilder/loppe1.jpg
Sist veke fekk me skriv i postkassane om "stor ståhei" på Jøsneset laurdag 18.07.
Og det blei det:


I øs-pøsande regnvær rigga Bygdarådet og Ungdomslaget klart til både ballbingeopning og loppemarked. Partytelt og grillar blei montert medan det auste ner. Men som eit lite under letta været, og det blei fint opphald kl 12. Og utruleg nok: folk strøymde til!!

BALLBINGEOPNINGA : Oddbjørn Fossaa i Bygdarådet fortalde litt om prosessen for å få til ballbingen, og takka alle sponsorar og frivillige dugnadsarbeidarar for innsatsen. Ein flott binge er resultatet, og Eirik Fossaa (representant for den ivrige dugnadsgjengen) fekk æra av å "brenne av ballen" - og dermed var bingen offisielt opna !!

Ungdomslaget v/Svanhild H Gbada  hadde med eit par små gåver: eit volleyballnett (for det er veldig kjekkt at bingen òg kan brukast til meir enn fotball) og i tillegg ei lita gåve til skulebarna på Jøsneset -som òg har bidratt med masse dugnad; ein fotball med helsing/gratulasjon frå sjølvaste DRILLO på.

Hjemeland Idrettslag v/ Anita Topp Sandvik var òg på plass med gratulasjonshelsingar og lykkeønskingar, og òg ho påpeika verdien av å skape plasser som stimulerer til fysisk aktivitet.

DERETTER BRAKA KAMPANE LAUS:
images/JUL/Bilder/loppe2.jpg
Fotballkampar:
- Damene mot småguttane/jentene: ein jamn kamp som borna til slutt vant !!
- "Guttaboys" mot "old-boys": òg ein jamn kamp: enda med straffekonkurranse som "old-boysane" vant
- Finale i fotball mellom småborna og "oldboysane" viste at "gamlegutta" framleis er best - dei vant !!
Laget bestod av Jarle Tednes, Ola Skiftun, Kjartan Skiftun, Roald Jensen  og Dag Rosså (ikkje ganske oldboysar altså)!
Gratla! Premie: kvar si www.josneset.no-tskjorte

Volleyballkamp:
"Oldboys"-laget var ikkje værre enn at dei òg stilde til volleyballkamp, nå suplert med ei dame. Motstandarane var eit blanda lag frå "Skiftuvigå"; tre ferierande karar og tre heimehøyrande damer.  Kampen blei igjen jamn, men her måtte nok "oldboysane" sjå seg slått av Lene og Anne Hjorteland, Svanhild Hjorteland Gbada og Vidar, Einar og Håvard Råheim.Me gratla igjen. Her vanka det ingen premie, men spelarane kunne iallefall gå "rett til bords" - for nå lukta det grillmat:

GRILLING AV LAKS/PØLSER - og kaffikos

Bygdarådet svinga opp med deilige lakse/pølse-porsjonar m/salat det heile kraftig sponsa av lokale aktørar - og salget gjekk unna ! Heldigvis varte opphaldet akkurat til og med matpausen; slik at folkemengda som var møtt fram fekk pratast og kosa seg rundt borda ute på skuleplassen.

LOPPEMARKNAD

images/JUL/Bilder/loppe1.jpg
Salsbordet bugna av altslags store og små ting, og folk strøymde på. Det var rektig trangt om plassen inni salgsteltet ei stund. Men salget pågjekk ikkje så lenge, for regnet strøymde på igjen til slutt. Salget blei difor kort og intenst, og enkelte gjorde nok diverse "verp". Inntekta på ca 3500 går til sceneutstyr.

PAINTBALL
images/JUL/Bilder/loppe4.jpg
Sjølv om regnet fortsatte å ause ned i strie strømmar, så blei paintballen avvikla kl 18 som planlagd. Og guttagjengen som møtte var storleg fornøydde sjølv om himmelens sluser var opne, og det nærma seg "gjørmebad".
Òg søndag blei det avvikla fleire paintballkampar, og totalt var over 20 guttar/karar innom kamp-areanaen! Dette var tydeleg moro !! (arr Ungdomslaget)

FaceBook
Facebook