Det er ikkje berre i Beijing det kjempast hardt om heder og ære i desse dagar. På Ungdomslaget sin årlege Aktivitetsdag kjempa både små og store jøsneskalvar iherdig om "gullet".  Arrangementet fant stad i Skiftustranda i eit strålande augustvær.
images/JUL/Bilder/akt6s.jpg

 

Det vart kjempa i fleire klassar:images/JUL/Bilder/akt1s.jpg

Barnehagealder: dei var med på to aktivitetar: "fyll vann i bolle" og "sandslottbygging". Enkelte syns nok det var litt skummelt med så mykje publikum, medan andre kjørte på for fulle mugger. Uansett var det flott innsats av alle små - som fekk kvar sin lille premie.

images/JUL/Bilder/akt2s.jpg









Små/stor-skulealder:
desse var med på alle fem aktivietar 1) fylle-vann-i-bolle 2) gå planken 3) steinkast i rokkering 4) kappløp og 5) sandslottbygging.  Alle barna klarte å balansere på planken i sjøen - det klarte ikkje alle dei vaksne ! Sandslottbygging var dei òg meistrar i, og i kappløpet gjorde dei det kjempeflott.

 Herreklasse: I denne klassen deltok òg dei påtroppande ungdomsskule-gutane. Dei klarte seg kjempefint i konkurranse med dei vaksne. Men likevel viste resultatlista at "dei gamle framleis er best". Sven har vunne vandrepokalen to gonger før, og kjempa hardt for tredje seier - og dermed få behalde pokalen. Han fekk hard konkurranse, spesielt av Eilef - nykommar av året. Dei låg jamnt heilt til slutt, men Sven drog av med ein knepen seier - 1 poeng meir enn Eilef.

Dameklasse: her var det fem spreke morer som deltok (hm: ingen konkurranse frå dei unge "kvigene""?). I balansekonkurransen var nok kne-skjelven litt for stor etter førre øving, for alle damene plaska i vatnet - ned av planken ! Men konkurransen i dameklassen blei òg jamn. Så jamn at Jorunn og Ingeborg måtte til med omkamp i steinkasting-konkurransen. Etter tre-fire rundar med jamn steinkasting, drog til slutt Ingeborg seieren i land med flest blink i rokkeringen. Flott innsats av alle damer !
__
Begge dei gjeve vandrepokalane "året stut" og årets kvige" gjekk altså i år  til Foss: Sven og Ingeborg Westersjø - som attpåtil feira 5 års bryllupsdag. Ein lykkedag for radarparet med andre ord: me gratulerar !  Ein kjemepegod 2.plass til Åslands-paret Jorunn og Eilef Foss!

Ungdomslaget takkar alle som deltok - både vaksne og barn. Ved aktiv deltaking blir ein slik dag både spennande, sosialt og moro for alle ! Og her kjem nokre fleire bilder, og resultatlista finn de heilt til slutt:

images/JUL/Bilder/akt3s.jpg          images/JUL/Bilder/akt4s.jpg

images/JUL/Bilder/akt5s.jpg                images/JUL/Bilder/akt6s.jpg

images/JUL/Bilder/akt6s.jpg            images/JUL/Bilder/akt8s.jpg

images/JUL/Bilder/akt9s.jpg            images/JUL/Bilder/akt11s.jpg

images/JUL/Bilder/akt10s.jpg   
Vinnarane av vandrepokalane "årets stut": Sven og "årets kvige" Ingeborg !     

Resultatliste

I klassen for "Årets stut":
1. Sven Westersjø 20 poeng
2. Eilef Foss 19 p
3. Jone Hjorteland 13 p
4. Jonas H Gbada 12 p
4. Eirik Fossaa 12 p
4. Frode Tjeltveit 12 p
5. Thomas Tjeltveit 9 p
6. Jarle Langvik 6 p

I klassen for "Årets kvige":
1. Ingeborg Westersø 16 poeng + 9 i omkamp
2. Jorunn Foss 16p + 7 i omkamp
3. Anne Auglend 14p
4. Svanhild H Gbada 13p
5. Silje Sværen 10p

FaceBook
Facebook