RYFASTLØPET blei ein 21 km lang fest frå Stavanger til Solbakk - ein tunnel full med tusenvis av løperar. Og Jøsnes-deltakarane spreidde seg godt i feltet, og dukka opp både her og der.

Seieren i det ultra-lokale "bygde-oppgjeret" gjekk til på ungdommen i Skiftudalen !! Jasin Hjorteland Gbada blei den aller raskaste blant Jøsnesdeltakarane med tida 1.41.29.  Men det blei skarp kniving med storebroren Jonas Hjorteland Gbada, som tok han igjen i siste motbakke, og prøvde å knipe seieren. Men etter spurtoppgjer klarte Jasin å sikre seieren med eit lite sekund. Jonas kom inn på 1.41.30.    Men Nesvik-deltakaren var jammen ikkje langt bak: Einar Nesvik sprang inn på ein klinkande klar 3.plass på tida 1.50.21, og sikra dermed "bronsen". GRATULERAR !

  
I familien Hjorteland blei det òg eit lite oppgjer - her mellom far og datter Jostein og Lene.  Her var det faktisk far sjøl som gjekk av med sigeren, og sprang i mål på tida 2.24.52 , nokre få minutter før Lene (mulig ho blei distrahert av frisklufta og heiagjengen på Hundvåg, og trudde ho var frammelaughing ) Uansett - ho ga på vidare og fullførte på Ryfylkesida ! Og ein sterk løpsdebut for faren blei det !

 

Silje Sværen glad over streken etter 21 km. Treningsgrunnlaget består i springing etter villsauer og kyr wink

 
Jasin til høyre tok seieren med eitt knepent sekund foran storebror Jonas - begge ca ein halv time raskare enn mor Svanhild


Eldste deltakar frå Jøsneset, Jostein Hjorteland, på veg ut av verdas lengste og djupaste undersjøiske tunnel, og ut på oppløpet mot mål.  Foto: Minge, Stavanger Aftenblad

På startstreken dukka det òg opp andre kjente frå Jøsneset, som td Kjellaug Hagen Bakkedal (busett i Stavanger) . Her cruisar ho inn i mål - i godt humør som vanleg - sprek debut i klassen 50-54. Sonen Ørjan på 19 deltok òg, og sprang ein time raskare enn morwink

Også Eilef Foss (busett på Tau) deltok på løpet. Han kom inn på den sterke tida 1.57! Me gratulerar !! Kanskje det òg var andre Jøsnesbuar på løpet ?.....send gjerne foto !

Alle som deltok fekk fine medaljar og diplom. Men nå er sjansen over: dette var første og einaste gongen at det var tillate å løpe her .  30 desember opnar tunnelen mellom Stavanger og Ryfylke for biltrafikk.  Løpet blei ei flott markering av prosjektet og ikkje minst av Ryfylke !! 

Meir foto frå  løpet i Stavanger Aftenblad og sjekk resultatliste Ryfastløpet

 

 

FaceBook
Facebook