Mon tru om det er korona som har gitt denne positive effekt? For folk går på tur i nærmiljøet som aldri før !! I 2020 var det ein auke på 1200 fleire besøkande på våre turpostar ift 2019.  Nå i 2021 har det vore ein ytterlegare auke på nesten 1000 fleire besøkande.  Totalt sett har det vore 6 568 stk oppom dei 10 turpostane våre.   Og her er det mange som har gått veldig mange turar.   I Nesvik er det nokre damer som skiljer seg markant ut ift tal signaturar i boka, og har gått uttallige gonger til Nesdalsfjellet ila året.  Takka vere desse trufaste damene, har Nesdalsfjellet segla opp til å bli vår mest populære turpost med 1694 besøkande.    

Av dei 6 568 besøkande er det trekt ut 13 vinnarar frå dei 10 turpostane: 

Premien er ein liten tur-ryggsekk, så her kan det bli meir turgåing !   Dei som ikkje allereie har mottatt premien kan få denne ved å vende seg til Svanhild 97 00 76 36, og kan hentast på adr Skiftun 62. Me tar elles etterkvart òg kontakt med vinnarane. Gratulerar !

Turstiane blir drifta på frivillig dugnad av bygdefolk som har tatt fadderansvar for dei ulike rutene.  Tusen takk til alle for jobben som blir  gjort for å halde merker og skilt i orden slik at folk finn fram .

Har du lyst å ta deg tur på Jøsneset og skrive deg inn i turbøkene? Turpostane finn du på TURKART JØSNESET.

FaceBook
Facebook