Helga 26-27 juni er det Sankefestivalen i Hjelmeland ! Det meste av festivalprogrammet skjer i Hjelmelandsvågen. Men laurdag 26.juni er det òg eige program på Skiftun ......

... dette for å spre aktivitetane og for å vise fram ei av Hjelmelands frodige bygder, med fokus på lokale produkt og næringsgrunnlag. Besøk til Buhagen sitt gardsutsal Krambuå hos Jostein og Berit Hjorteland og besøk til økologisk gard Bøen v/Silje Sværen og Øyvind Oaland står difor sentralt. Pluss padling og bading og soling i Skiftustranda.   

Helgøyskyss går til/frå Hjelmelandsvågen, men vegen er enda kortare for folk med hytter og hus på nordsida av fjorden. Alle er velkomne !

"Festivalområdet" på Jøsneset strekkjer seg frå Skiftun kai/strand til Jøsneset Grendahus og leikeplass, så det er stort og romsleg.   Hugs likevel avstandsreglar og generelle korornareglar !!

NB: Det er kun påmelding for dei som kjem til Skiftun med Helgøy Skyssbåt. Alle andre kan berre møte opp, men det blir registrering på lister på staden. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Hjelmeland Turlag/Stavanger turistforeningBuhagen og Jøsneset Bygdaråd 

FaceBook
Facebook