Nå er den store granskogen rundt Fosså-krossen i ferd med å forsvinne, og landskapet opnar seg opp.
Det var den store stormen i januar som førte til at store delar av granskogen her blei øydelagd, og store tre låg hulter til bulter som eit "pinnaspel". Men nå er oppryddingsjobben i full sving. Store skogsmaskinar frå skogsentreprenørane Hovda får jobben unna i høgt tempo, og dermed endrar landskapet seg fort - og tømmerhaugane veks for kvar dag.
På venste side av vegen ned mot Fosså låg det som mange av barna kalla "Eventyrskogen"; eit lite felt med store, mørke grantre og mjuk skogsbotn. No er "Eventyrskogen" borte, men til gjengjeld opnar daldraget seg opp - med fin utsikt nedover mot Fosså og mot fjorden. Skogarbeidet pågår like ved Fylkesvegen, så det er lett å legge merke til. Men ta det varsamt - det er store maskinar i arbeid.
Nytt frå Strandbuen
- Lovet lavere Ryfast-takster på folkemøte
- Satser enda mer i Ryfylke med banksammenslåing – dette er endringene folk vil merke
- Mathilde, Ida, Solveig og Leah gjekk til topps med ideen sin: – Me fekk sjokk
- Ny suksess for talentet frå Jørpeland i siste sjanse for sesongen
- Reagerer på Ryfast-forslag: – Dei einaste som tener på dette er banken